Hopp til innhold
X
Innhald

Abstrakt ekspresjonisme

Abstrakt ekspresjonisme er ei retning som vart utvikla i amerikansk målarkunst i 1940- og 1950-åra i New York.

Retninga var påverka av dei europeiske surrealistane. Tilhengjarane var opptekne av måleprosessen som det direkte uttrykket for ei spontan kjensle. Abstrakt ekspresjonisme omfatta uttrykksformer som action painting og tachisme. Viktige kunstnarar var mellom andre Jackson Pollock, Willem de Kooning og Mark Rothko.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.10.2016
Sist oppdatert: 07.10.2016