Hopp til innhold
X
Innhald

Barbizon-skulen

Barbizon-skulen er nemning på ei gruppe franske målarar som budde i landsbyen Barbizon på midten av 1800-talet.

Dei dyrka landskapsmåleriet og byrja å måle ute i direkte kontakt med naturen. Representantar er mellom andre Théodore Rousseau, Jean-François Millet, Camille Corot og Charles-François Daubigny.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.10.2016
Sist oppdatert: 27.10.2016