Hopp til innhold
X
Innhald

Colour-field painting

Colour-field painting eller fargefelt-måleri er ei amerikansk nemning på abstrakte måleri som er kjenneteikna ved store område av rein, umodellert farge og enkle, reine former.

Ofte er dei måla på store lerret. Målestilen vart utvikla i USA i slutten av 1940-åra. Utøvarar er mellom andre Barnett Newman og Mark Rothko.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.10.2016
Sist oppdatert: 11.10.2016