Hopp til innhold
X
Innhald

Manierisme

Manierisme (av italiensk maniera, ’maner’) er ei europeisk kunstretning som oppstod i perioden mellom renessansen og barokken, mellom ca. 1515 og 1610.

Stilen oppstod i det intellektuelle aristokratiet ved hoffa og er kjenneteikna av eit elegant og virtuost formspråk, og av figurar som er framstilte i unaturlege vridde positurar (serpentinata) og med forlengde kroppslemmer.

Omgrepet blir også brukt generelt om kunst som er prega av manieristiske trekk, overdrivne effektar, leik med verkemiddel osb.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.10.2016
Sist oppdatert: 17.10.2016