Hopp til innhold
X
Innhald

Minimal art

Minimal art eller minimalisme er ei kunstretning som går ut på å redusere dei kunstnarlege verkemidla til reine, einsfarga flater utan synlege penselstrøk i måleriet, og enkle, geometriske former i skulpturen.

Retninga oppstod i USA i 1960-åra, og viktige representantar er Sol Lewitt, Donald Judd og Frank Stella.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.10.2016
Sist oppdatert: 31.10.2016