Hopp til innhold
X
Innhald

Surrealisme

Surrealisme (av fransk surréel, ’overnaturleg’) er ei retning i litteratur og biletkunst.

Retninga er utvikla frå dadaismen og ville etter program av diktaren André Breton i 1924 utviske grensa mellom draum og røyndom, og utvikle ein ny realitet (super-realitet) i kunsten. Surrealistane var påverka av teoriane til Freud om det umedvitne. Representantar innanfor måleri er mellom andre Max Ernst, Salvador Dalí og René Magritte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.10.2016
Sist oppdatert: 17.10.2016