Hopp til innhold
X
Innhald

Symbolisme

Symbolisme er ei retning innanfor litteratur og biletkunst som oppstod i Frankrike i 1880-åra som ein reaksjon på krava til objektiv røyndomsskildring i naturalismen.

Symbolismen framheva kjensla og det subjektive, og søkte gjennom symbol å uttrykkje dei ideane og draumane som skjulte seg bak den synlege røyndommen.

I norsk litteratur reknar ein Sigbjørn Obstfelder som den mest typiske representanten for symbolismen. Innanfor målarkunsten nemner ein gjerne namn som Edvard Munch, Gustave Moreau og Odilon Redon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2016
Sist oppdatert: 09.02.2017