Hopp til innhold
X
Innhald

Trompe-l’oeil

Trompe-l’oeil (fransk ’narrar auget’) tyder synsbedrag og er nemning på ein illusjonistisk effekt i kunst.

Det er gjerne snakk om å framstille ein gjenstand i eit bilete med ein så minutiøs realisme at han står fram som verkeleg. Trompe-l’oeil vart særleg brukt i nederlandske måleri på 1600-talet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2016
Sist oppdatert: 18.10.2016