Hopp til innhold
X
Innhald

Ambrosia Tønnesen

Ambrosia Theodora Tønnesen, bilethoggar, var ei moderne og ambisiøs kvinne for si tid, med eit uvanleg yrkesval og med kunstnarleg suksess.

Ambrosia Tønnesen var fødd i Ålesund 28. januar 1859 og døydde på Minde i Bergen 21. januar 1948. Etter konfirmasjonen flytta ho til Bergen og fekk arbeid som lærarinne i almugeskulen. I 1884, etter fire år med kveldstimar i teikning og modellering, debuterte ho som målarkunstnar i Bergens Kunstforening.

Same året følgde ho undervisninga til den norske skulptøren Stephan Sinding i København, noko som opna interessa for bilethogging. Året etter vart Tønnesen privatelev hos professor Albert Wolff i Berlin. I 1887 flytta ho til Paris, der ho lærte å hogge i marmor i atelieret til realisten René de Saint-Marceaux.

I 1910 flytte Tønnesen attende til Bergen, der ho heldt fram som bilethoggar resten av livet. Ho var den første profesjonelle kvinnelege skulptøren i Noreg.

Dei konvensjonelle skulpturane hennar står mellom den nyklassiske tradisjonen og realismen. Portretta hennar vitnar om eit blikk for karakteristiske trekk hos modellen, men utan at det idealiserte tek overhand.

Bronseskulpturane av J.C. Dahl (1902, Permanenten, Bergen) og Ole Bull (1897–1904, Den Nationale Scene, Bergen) er blant hovudverka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tønnesen, Ambrosia modellerar skulpturen av J.C. Dahl, Paris, 1901. Foto ukjend..jpg?w=600

Ambrosia Tønnesen modellerar skulpturen av J.C. Dahl, Paris, 1901. Foto: ukjend

I 1903 oppnådde Ambrosia Tønnesen Mention honorable på Salongen i Paris, i tillegg til at ho fekk Kong Oskar 2.s Pro literis et atribus for skulpturen av J.C. Dahl. Året etter fekk ho ordenen Palmes d'Officier d'Académie av den franske staten. I 1939 fekk ho tildelt Kong Håkon 7.s fortenestemedalje i gull.

Kjelder

Jorunn Veiteberg: Ambrosia Tønnesen. «Stenhugger i det Fine». Ein biografi. Oslo 2009

Tone Wiborg: «Med hammer og meisel – Ambrosia Tønnesen, Noregs første profesjonelle billedhugger», i Kari Vogt (red.): Den skjulte tradisjon. Skapende kvinner i kulturhistorien. Bergen 1982

Peikarar

Heidi Elisabeth Sandnes: «Balansekunstnaren», forskning.no, publisert 20.12.2009

Først publisert: 29.10.2014
Sist oppdatert: 16.06.2015