Hopp til innhold
X
Innhald

Auguste Rodin

Auguste Rodin, 1840–1917, var fransk bilethoggar og ein leiande skulptør i andre delen av 1800-talet.

Formspråket hans var i opposisjon til den akademiske tradisjonen og utmerkjer seg ved fri rørsle og dristig modellering. Hovudverk er mellom anna Helvetesporten (begynt på i 1879, ikkje fullført), Borgarane i Calais (1884–88); Kysset (1886) og Balzac-statuen (1897). I Paris er det eit eige Rodin-museum.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016