Hopp til innhold
X
Innhald

Bertel Thorvaldsen

Bertel Thorvaldsen, 1770–1844, var dansk bilethoggar.

Thorvaldsen budde i Roma i 1797–1838 og var ein leiande nyklassisistisk kunstnar som forma både antikke og kristne motiv. Kjende verk er mellom andre Jason med det gylne skinnet (1802–03), apostelstatuane og Kristus til København domkirke (1821–42), og ryttarstatuen av Poniatowski i Warszawa (1826). Museet hans opna i København i 1848.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016