Hopp til innhold
X
Innhald

Donatello

Donatello (eigentleg Donato di Niccolò), 1386–1466, var italiensk bilethoggar.

Han var nyskapande og leiande i utviklinga av eit nytt formspråk i overgangen til renessansen. Donatello utførte statuar til fasaden og kampanilen på domkyrkja i Firenze (1416–26). Desse var prega av naturtrudom og inspirerte av romerske portrett. Dei seine verka kan ha ekstatiske kjensleuttrykk, som treskulpturen av den forpinte Maria Magdalena i Firenze (ca. 1456).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.09.2016
Sist oppdatert: 28.09.2016