Hopp til innhold
X
Innhald

Francesco Laurana

Francesco Laurana, ca. 1430–ca. 1502, var italiensk bilethoggar, medaljør og arkitekt.

Laurana verka i Frankrike og Italia. Han er særleg kjend for portrettbyster av kvinnelege medlemmer av kongehuset i Napoli. Med desse har han vorte sett på som ein tidleg formidlar av renessansestilen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016