Hopp til innhold
X
Innhald

István Lisztes

István Lisztes, fødd 1942, er ungarsk-norsk bilethoggar.

Lisztes har verka som professor ved Kunsthøgskolen i Oslo. Skulpturane hans er figurative og viser menneskekroppen i strengt, stilisert og arkaisk formspråk, som i Dialog (1986), Mann med liten håndbevegelse (1993) og Tre grazier (1998). Han har elles hatt fleire offentlege utsmykkingsoppdrag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016