Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Tobias Sergel

Johan Tobias Sergel, 1740–1814, var svensk bilethoggar.

I dei sentrale verka sine rører han seg i grenselandet mellom seinbarokk og nyklassisisme. Kjende verk er mellom andre Liggjande faun (1774–76), Amor og Psyke (1774–76) og Gustav III-statuen i Stockholm (1790–1808). Sergel verka som professor ved Konstakademiet frå 1780.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016