Hopp til innhold
X
Innhald

Richard Long

Richard Long, fødd 1945, er britisk skulptør og fotograf.

Long arbeider med land art og skaper bilete i naturen. Det fotodokumenterte A Line Made by Walking (1967) viste fotspor i landskapet. Han har også laga installasjonar med naturmateriale i enkle formasjonar, som kretsar og labyrintar med rituelle og magiske dimensjonar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016