Hopp til innhold
X
Innhald

Robbia

Robbia, italiensk bilethoggarfamilie i Firenze.

Luca della Robbia, ca. 1400–82, er spesielt kjend for glaserte terrakottarelieff i blått og kvitt. Frå 1442 produserte han mange medaljongrelieff. Elles utførte han mellom anna relieff til domen i Firenze (1431–37).

Andrea della Robbia, 1435–1525, var nevø av Luca. Han er kjend for dei mange medaljongrelieffa sine.

Giovanni della Robbia, 1469–1529, var son av Andrea della Robbia. Han arbeidde i same stilen som faren.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016