Hopp til innhold
X
Innhald

Sir Jacob Epstein

Sir Jacob Epstein, 1880–1959, var britisk bilethoggar.

Han hadde ein ekspressiv stil og var inspirert av primitive skulpturar. Kjende verk er mellom anna Oscar Wilde-gravmælet i Paris (1911) og den robotaktige skulpturen Klippebor (1913–15). Frå 1920-åra var han ein populær portrettskulptør.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.09.2016
Sist oppdatert: 28.09.2016