Hopp til innhold
X
Innhald

Étienne-Maurice Falconet

Étienne-Maurice Falconet [-kåne], 1716–91, er fransk bilethoggar og kunstskribent.

Dei yndige, ofte erotiske små porselensfigurane hans i rokokkostil vart produserte på porselensfabrikken i Sèvres, der Falconet var direktør i 1757–66. Meisterverket hans er rekna som ryttarstatuen av Peter den store i St. Petersburg (1766–78), i barokk stil.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.09.2016
Sist oppdatert: 28.09.2016