Hopp til innhold
X
Innhald

Umberto Boccioni

Umberto Boccioni [båtsjåni], 1882–1916, var italiensk kunstteoretikar, målar og bilethoggar.

Boccioni var ein av leiarane for futurismen. Han søkte å framstille suksessive stadium av rørsle. Kjende verk er måleriet Gatemakt (1911) og skulpturen Kontinuitetsformene i rommet (1913). I 1912 gav han ut Manifeste technique de la sculpture futuriste.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.09.2016
Sist oppdatert: 28.09.2016