Hopp til innhold
X
Innhald

Veit Stoss

Veit Stoss, ca. 1445–ca. 1535, var tysk-polsk bilethoggar, målar og grafikar.

Stoss skar mellom anna det 13 × 11 m store altaret i Mariakyrkja i Kraków (1477–89). I 1496 vende han tilbake til fødebyen Nürnberg og skar mellom anna Helsinga av englane i St. Lorenz-kyrkja (1517–19) og Bamberg-altaret i Bamberg domkyrkje. Stoss arbeidde innanfor den seingotiske tradisjonen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016