Hopp til innhold
X
Innhald

Cire perdue

Cire perdue [sir perdy] (fransk ’tapt voks’) er ein trinnvis støypeteknikk som blir brukt til å lage ein hol bronseskulptur.

Ein skulptur i leire får eit tynt vokslag over seg og blir kledd med gips. Voksen blir smelta, ein tømmer flytande metall i, og ein fjernar deretter gipsen. Teknikken vart innført med greske bronseskulpturar på 400-tallet f.Kr., og han vart teken opp att i ungrenessansen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.09.2016
Sist oppdatert: 23.09.2016