Hopp til innhold
Torsoskulptur. Foto: waferboard, Flickr.com. CC BY 2.
Torsoskulptur. Foto: waferboard, Flickr.com. CC BY 2.
X
Innhald

Torso

Torso (italiensk, ’trestump’) er ein skulptur av eit menneske utan armar og bein, vanlegvis også utan hovud.

Nemninga blir gjerne brukt om antikke skulpturar i slik skadd tilstand, men frå andre halvdel av 1800-talet vart dette ein sjølvstendig motivtype for mellom andre Rodin. I anatomien er torsoen menneskekroppen utan ekstremitetane, dvs. utan bein, armar, hals og hovud.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.09.2016
Sist oppdatert: 24.10.2016