Hopp til innhold
Frå framsyninga Gjøglaren. Foto: Leif Gabrielsen/ Det Norske Teatret
Frå framsyninga Gjøglaren. Foto: Leif Gabrielsen/ Det Norske Teatret
X
Innhald

Det Norske Teatret

Det Norske Teatret starta som eit lite, men ambisiøst nynorskteater i 1913 og utvikla seg i løpet av få tiår til å verte eit nynorsk nasjonalteater, kunstnarleg og kommersielt likestilt med Nationaltheatret.

L/L Det Norske Teatret vart skipa 22. november 1912 av private luteigarar og er i dag det einaste av dei større teatra i Noreg som er i privat eige. Hulda og Arne Garborg var pådrivarar for å grunnleggje teatret, og Arne Garborg heldt i 1898 eit viktig foredrag som argumenterte for at det var nødvendig med eit eige landsmålsteater. Teatret skulle verte ein reiskap for å utvikle ein felles talemålsnormal for landsmålet, argumenterte Garborg. Det skulle samstundes vere eit utstillingsvindauge for nynorsken midt i hovudstaden.

Først 15 år seinare opna teatret. Då hadde Hulda Garborg i to år turnert landet rundt med prøvekluten Det Norske Spellaget, som var eit reint turnéteater for landsmålsdramatikk. Suksessen til spellaget synte behovet og marknaden for eit eige landsmålsteater. Det Norske Teatret si opningsframsyning var i Kristiansand 2. januar 1913, ei dobbeltframsyning av Ivar Aasens Ervingen og Hulda Garborgs Rationelt Fjøsstell. Teatret hadde si første framsyning i hovudstaden hausten same året, 6. oktober 1913.

Sjå video frå NRK Skole: Det Norske Teatret 100 år.

Teatret fekk mykje hard kritikk dei første tiåra og vart ofte oppfatta som eit dilettantisk programteater, men frå midten av 1930-åra og til i dag har teatret etablert seg som det andre norske nasjonalteatret og den viktigaste einskildinstitusjonen for nynorskrørsla.

Ein blodig start

I Kristiania opna Det Norske Teatret med Ludvig Holbergs Jeppe på Bjerget, omsett til landsmål av Arne Garborg. Kong Haakon 7. overvar den høgtidlege premieren, men ei veke seinare utløyste det same stykket store massedemonstrasjonar utanfor teaterbygningen og eit regelrett slagsmål inne i teatret. Omsetjinga av den dansk-norske klassikaren til landsmål provoserte i første omgang gymnasiastar i hovudstaden til organiserte pipekonsertar. Delar av publikum gjekk fysisk til åtak på demonstrantane, og det utvikla seg eit masseslagsmål i teatersalen.

I fleire dagar var det stor uro under framsyningane, og ei stadig større menneskemengd møtte fram utanfor teatret for å demonstrere og vere med i opptøyane etter framsyningane. Den verste opprørsnatta, natt til 17. oktober, kan det ifølgje samtidige aviser ha vore så mange som 20 000 menneske omkring teatret.

Det Norske Teatret har heile tida hatt base i Oslo og i varierande grad drive turnéverksemd i resten av landet. Dei første tiåra heldt teatret til i Teatersalen i Bondeungdomslagets Bøndernes Hus, i 1930-åra var det tre sesongar i lokala til Centralteatret, under krigen på St. Olavs plass og frå 1945 til 1985 i Stortingsgata 16. Planane om å byggje eit eige hus hadde vore ei prioritert oppgåve i 72 år då teatret i 1985 kunne innvie nybygget i Kristian 4.s gate, som hyser teatret i dag.

Her speler teatret på tre ulike scener og driv parallelt eit kulturtilbod som omfattar mellom anna lunsj & lyrikk, matinear, utleigeverksemd og eventyrstund for born. Det har totalt hatt over 1000 premierar sidan starten i 1913.

Kunstnarlege høgdepunkt

Den første tida var det primært innanfor folkekomediesjangeren teatret gjorde seg gjeldande, med over 700 framsyningar av den svenske farsen Bröderna Östermans Huskors som eit kommersielt høgdepunkt. Det kunstnarlege gjennombrotet for teatret kom i 1920-åra, då Agnes Mowinckel var instruktør.

Den mest omdiskuterte og epokeskapande einskildframsyninga i teatret si historie er truleg Hans Jacob Nilsens såkalla avromantiserte framsyning av Peer Gynt i 1948. Her vart Peer Gynt spelt med nykomponert musikk av Harald Sæverud, omsett til nynorsk av Henrik Rytter og med større vekt på Ibsens satiriske intensjonar enn den heroiserande Peer Gynt-tradisjonen som dominerte før denne framsyninga.

Teatret har alltid prioritert musikkteater og importerte allereie frå 1949 populære musikalar frå Broadway. Det Norske Teatret vart i Tormod Skagestads sjefstid (1960–1979), med Egil Monn-Iversen som musikalsk leiar, det førande musikkteatret i Noreg. Arvtakaren etter Skagestad, Svein Erik Brodal, som var teatersjef frå 1979 til 1990, førte denne tradisjonen vidare og fekk sett opp to av dei største musikalsuksessane i teatret si historie, med Cats i 1985 og Les Miserables i 1988.

Sjå opptak frå Evita på Det Norske Teatret med Heidi Gjermundsen Broch i hovudrolla som Evita, Jon Bleiklie Devik spelar Peron og Frank Kjosås spelar Che. Regi: Svein Sturla Hungnes.

Vossingen Lars Tvinde sa den første offisielle replikken på teatret 2. januar 1913, og han var heilt til 1957 ein lojal medlem av ensemblet ved teatret, samstundes som han utvikla seg til å verte den største skodespelaren og ein god representant for teatret.

Nynorskens hus

Det Norske Teatret er i dag den store samlande nynorskinstitusjonen i landet og har såleis realisert Arne Garborgs draum om eit utstillingsvindauge for nynorsken midt i hovudstaden. Det har samstundes løyst oppgåva med å etablere ein talemålsnormal for nynorsken. Då NRK starta dei første sendingane sine, var Det Norske Teatret ein sjølvsagd samarbeidspartnar for å utvikle ei nynorsknorm for kringkastinga.

Verre har det vore å dyrke fram ein eigen nynorsk dramatisk kanon, noko teatret heile tida har sett som ei viktig oppgåve. Då teatret starta, var det berre Arne Garborgs Læraren frå 1896 som heldt mål litterært sett, sjølv om både Ivar Aasen, Hulda Garborg, Oskar Braaten og Sigurd Eldegard hadde skrive fleire populære stykke på nynorsk. Initiativtakarane bak teatret trudde at god nynorsk dramatikk ville kome av seg sjølv når Det Norske Teatret var vel etablert, men denne strategien skulle vise seg å slå feil.

Teatret har prioritert nynorsk dramatikk høgt på repertoaret i alle år. Men medan teatret har lukkast med å dramatisere nynorske romanar, har det vorte skapt påfallande få nynorske dramatiske suksessar, før Jon Fosse fekk sitt nasjonale og etter kvart internasjonale gjennombrot som dramatikar i andre halvdelen av 1990-åra. Det Norske Teatret hadde urpremieren på det første stykket Fosse skreiv, Nokon kjem til å komme, men det var Den Nationale Scene i Bergen som først sette opp Fosse, og som skal ha størsteparten av æra for at prosaisten Fosse byrja å skrive for teatret.

Teatersjef sidan januar 2011 er Erik Ulfsby.

Kjelder

Oskar Braaten (red.): Det Norske Teatret 1913–1938. Oslo 1938

Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år. Oslo 1988

Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret 1913–1963. Oslo 1963

Peikarar

Nettstaden til Det Norske Teatret

Først publisert: 12.11.2009
Sist oppdatert: 21.09.2019