Hopp til innhold
Ingeborg Eliassen. Foto: Stephen Hutten / Cappelen Damm. Nytta etter avtale.
Ingeborg Eliassen. Foto: Stephen Hutten / Cappelen Damm. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Ingeborg Eliassen

Ingeborg Eliassen, dramatikar og barnebokforfattar. Det absurde pregar mykje av det ho skriv.

Ingeborg Eliassen er fødd 26. juli 1953 i Ballangen i Nordland. Ho har budd i Efjord, Langvågen, Meløyvær og på Bjarkøy, men bur no på Nesodden.

Eliassen er utdanna agronom, og ho var stipendiat som dramatikar ved skodespelarutdanninga ved Nord Universitet i perioden 2016–19.

Ho har elles variert arbeidserfaring som mellom anna lærarvikar, krambodstyrar, postfunksjonær, dampskipsekspeditør og småbrukar. Sidan 1985 har ho vore heiltidsforfattar, med eit avbrekk i to år som fredskorpsarbeidar i Tanzania.

Eliassen debuterte med barneboka Berre ei lita ert i 1979 på Samlaget, med Bård Valberg som illustratør. Då hadde ho tre år tidlegare vore med i antologien Nordfra 75, utgitt av Nordnorsk forfatterlag. Barneboka Snarveien (2016), illustrert av Åshild Irgens, er utgitt i Kina, Finland, Sverige og Danmark. I 2018 kom Du tror det ikke før du får se det, illustrert av Hilde Hodnefjeld. Her møter vi eksotiske dyr inne på eit vanleg kjøkken, presentert med leikne, absurde vers som er bunde i hop med oppattakinga «Men det er ikke det verste». Denne prisnominerte utbrettbare boka, «leporelloen», fekk mange gode kritikkar.

I 1981 debuterte ho som dramatikar med høyrespelet Ka tru vest raset kjem, kringkasta av NRK Troms. Sidan har ho jamleg fått oppført nyskrivne skodespel og monologar på teater ulike stader i landet. Stykket Crème de la crème vart oppført på Norsk dramatikkfestival i 2013. I 2020 kom I Boks, ei interaktiv framsyning om gamle menneske.

Eliassen vann Nordnorsk dramatikkonkurranse i 1985 med monologen Blusesøm. Barneboka Du tror det ikke før du får se det, vart nominert til både Havmannprisen og Kulturdepartementet sin biletbokpris for 2018.

 

Kjelder

E‑post frå Ingeborg Eliassen 27.1.2020

 

Andre Akt: «Oversikt over kunstnerisk arbeid: Ingeborg Eliassen», andreakt.com: http://andreakt.com/oversikt-over-kunstnerisk-arbeid [lesedato 26.11.2019]

Ingeborg Eliassen, forfattarside, forfatterkatalogen.no: https://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/ingeborg-eliassen/ [lesedato 1.12.2019]

Nettstaden til Ingeborg Eliassen, ingeborgeliassen.no: http://www.ingeborgeliassen.no/ [lesedato 1.12.2019]

 

Peikarar

«I Boks», ingeborgeliassen.no

Bok365: «Begynte med en strofe», intervju med Ingeborg Eliassen, bok365.no, publisert 10.5.2018

Det Norske Akademis ordbok: «leporello», ordforklaring, naob.no

Først publisert: 06.10.2020
Sist oppdatert: 14.10.2020