Faktaboks

Knut Horvei
Fødd
27. august 1893, Evanger i Voss, Vestland
Død
30. mars 1984, Voss, Vestland
Verke
Gardbrukar og forfattar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Ole Knutsen Horvei (1854–1939) og Marta Johnsdotter Lien (1868–1920).

Gift 1922 med Nilla Marie Skjold (1896–1923).

Knut Horvei var forfattar og dramatikar. Som sjølvlært frå bygda skapte han ei rekkje verk med ambisiøst stilnivå, inspirert av verdsleiande dramatikarar.

Bakgrunn

Knut Horvei var fødd på Evanger i Voss. Han vaks opp på farsgarden Horvei og blei buande der det meste av livet. I 1920-åra satsa han på avl av sølvrev, både i heimbygda og utlandet, men under pelsdyrkrakket i 1930 gjekk alt tapt. Horvei miste også kona tidleg og sat att åleine med foreldreansvaret for ein liten gut, noko som prega han seinare i livet.

Forfattarskapen

Horvei fatta tidleg interesse for skriving og litteratur, og ei tid fekk han utløp for denne interessa gjennom ungdomslagsrørsla. Han debuterte innanfor den nynorske amatørteatertradisjonen med stykket Kristen i 1920. Han fekk kontakt med diktarar som Olav Nygard, Olav Gullvåg og Ragnvald Vaage, og i seinare dramatikk henta han inspirasjon frå både William Shakespeare og August Strindberg. Han braut med den realistiske tradisjonen, og i tekstane bruker han ofte lyriske og sterkt fantasiprega verkemiddel, noko som gjer dei vanskeleg tilgjengelege for mange. Det gjekk lang tid før nokon av Horvei sine stykke blei sette opp av eit profesjonelt teater, første gongen var i 1966.

Ved sida av dramatikken skreiv Horvei også ei rekkje romanar og forteljingar, mellom anna Trollgrep (1959) og Vågespel (1966). Hovudpersonane er ofte menneske som strir mot urett og mot økonomisk, kulturell og religiøs overmakt. Stilen ber preg av folkedikting og munnlege tradisjonar, med ordtak og aforismar som viktige verkemiddel.

Verk

Skodespel

  • Kristen (1920)
  • Atlantis (1938)
  • Nero (1939)
  • Salome (1940)
  • Vigdis (1966)
  • Galehuset (1968)
  • Det trillar i tro (1970)
  • Hjallarbrui (1973)
  • Vårherre og keisaren (1976)

Romanar

  • Sæle er dei godtrugne (1941)
  • Folk og fredlause (1945)
  • Trollgrep (1959)
  • Vågespel (1966)
  • Mellom himmel og hel (1972)
  • Aud (1973)
  • Gann (1974)
  • Spikarpilen (1974), ungdomsbok

Diktsamling

  • I flogberget (1958)

Eksterne lenker

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg