Hopp til innhold
X
Innhald

Politisk teater

Politisk teater vart organisert på mange matar på 1970-talet. Politiske tema kom opp på dei faste teatera, men viktigare var det at det kom ei utbygging av regionteater og oppstod frie grupper som opererte utanfor institusjonsteatera. 

Politiske grupper som Tramteatret (1976) sette varige spor etter seg. I dag er det ein heil underskog av frie teatergrupper, sjølv om den politiske atmosfæren er heilt annleis. Pendlere (1974) vart produsert av ei gruppe frå Nationaltheatret, men stykket vart spela utanfor teaterhuset og vart omtala som «oppsøkende teater».


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019