Hopp til innhold
X
Innhald

Rasmus Breistein

Rasmus Dorthin Breistein, filmregissør. Han var med i den første framsyninga på Det Norske Teatret, var pioner i norsk film og laga den første spelefilmen med nynorsk tale.

Breistein var fødd i Åsane 16. november 1890 og døydde 16. oktober 1976. Han var skodespelar på Det Norske Teatret 1913–20 og blei ein pioner i norsk filmproduksjon med stumfilmar som Fante-Anne (1920). Til denne og fleire andre stumfilmar brukte han tekstførelegg av landsmålsforfattarar som Kristofer Janson.
 
Breistein følgde nøye med på den filmtekniske utviklinga. I 1934 laga han den første spelefilmen med nynorsk dialog, Liv, med Alfred og Tordis Maurstad i hovudrollene. Seinare gjorde han stor lykke med Ungen (1938) etter Oskar Braatens skodespel og Trysil-Knut (1942), før han tok til å lage dokumentarfilm – Jorden rundt på to timer (1948), Tirich Mir til topps (1953) og Mexico, solgudens land (1957).
 
Kjelder
Jan Anders Diesen: På optagelse i friluft. Om Rasmus Breisteins filmliv. Norsk Filminstitutts skriftserie, nr. 14. Oslo 2000
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 03.05.2013