Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Teater

Sogn og Fjordane Teater, regionalt teater i Førde.

Sogn og Fjordane Teater blei skipa i 1977 for å gi publikum i Sogn og Fjordane teater på nynorsk. Teatret var dei første åra eit underbruk av Riksteatret, med Gudrun Waadeland som teatersjef, men var elles allmøtestyrt. Første framsyninga, i 1977, var Maksveringar av Rolf Losnegård.
Etter ei nødvendig omorganisering var Anne Gullestad teatersjef 1980–88. Ho utvikla institusjonen til eit viktig regionteater, der teaterbåten «Innvik» var ei uvanleg scene i perioden 1985–2001.
Til og med 2004 hadde teatret produsert over 5500 framsyningar. Det årlege publikumstalet ligg kring 25 000.
Sidan 2003 har Terje Lyngstad vore teatersjef. I hans tid har teatret profilert seg med svært mange urpremierar på stykke av norske dramatikarar.
Dei 16 tilsette skapte i 2007 ei omsetning på 21,1 mill. kroner.
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 27.10.2011
Sist oppdatert: 13.05.2013