Hopp til innhold
X
Innhald

Teater Vestland (tidl. Sogn og Fjordane Teater)

Teater Vestland, tidlegare Sogn og Fjordane Teater, regionalt teater i Førde.

Sogn og Fjordane Teater blei skipa i 1977 for å gi publikum i Sogn og Fjordane teater på nynorsk. Teateret var dei første åra eit underbruk av Riksteatret, med Gudrun Waadeland som teatersjef, men var elles allmøtestyrt. Første framsyninga, i 1977, var Maksveringar av Rolf Losnegård.

Etter ei nødvendig omorganisering var Anne Gullestad teatersjef 1980–88. Ho utvikla institusjonen til eit viktig regionteater, der teaterbåten «Innvik» var ei uvanleg scene i perioden 1985–2001.

I samband med fylkessamanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestland fylke, skifta teateret i 2020 namn til Teater Vestland. 

Teateret er både eit produserande teater og eit turnéteater, med turnéverksemd i Vestland fylke.

Teateret produserer 5-7 premierer årleg. Det årlege publikumstalet ligg kring 18 000.

Bodil Kvamme har vore teatersjef sidan 2016.

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

«Om Teater Vestland», teatervestland.no: https://teatervestland.no/om-sogn-og-fjordane-teater [lesedato 12.2.2020]

Peikarar

Teater Vestland sin nettstad

Først publisert: 27.10.2011
Sist oppdatert: 12.02.2020