Teaterslaget
Denne teikninga vart publisert i ei riksmålsavis med teksten «Der er slagsmaal mellem landsmaal og riksmaal. Hvad slags maal er da landets maal? Er det krigsmaal?»
Teaterslaget
Av .
«Slagsmålteateret»
Teaterslaget fekk brei omtalt, her eit eksempel frå ein riksmålsvenleg avis.
«Slagsmålteateret»
Av /Henta frå arkivet til Det Norske Teatret.
Det Norske Teatret i Bøndenes i Rosenkrantz gate i Kristiania.
Det Norske Teatret i Bøndenes i Rosenkrantz gate i Kristiania, der teateret hadde opningsframsyninga i 1913 som førte til Teaterslaget. Foto frå 1915.

Teaterslaget var ei vekelangt opprør i og omkring Det Norske Teatret då dette opna i Kristiania i oktober 1913.

Det Norske Teatret hadde si opningsframsyning i Kristiania 6. oktober 1913, i teatersalen i Bøndernes Hus, etter eit år som reint turnéteater. Opningsframsyninga var Jeppe på Berget, ifølgje plakatane «omsett til norsk» av Arne Garborg. Det offisielle Noreg var tungt representert på premieren, med kong Haakon 7. i spissen. Alt gjekk difor verdig og sømeleg for seg, men ei veke seinare, måndag 13. oktober, braut det ut ein stor pipekonsert i andre akt av framsyninga.

I fleire dagar på førehand hadde det sirkulert eit mobiliseringsopprop mellom riksmålsungdomen på gymnasa i Kristiania, der ein spesielt var oppteken av den provoserande ordlyden «omsett til norsk». Mellom 50 og 100 gymnasiastar var møtte fram for å pipe, men mobiliseringa hadde vorte kjend, og ei motmobilisering var organisert i og rundt Studentmaallaget. Det utvikla seg eit veldig slagsmål oppe på galleriet, i trappene og ute i gangen. Først med ein garde av politikonstablar på plass lukkast det teatret å spele ferdig framsyninga.

Kvelden etter var det igjen stadige avbrot og pipekonsertar under framsyninga, men denne kvelden var det så mykje politi til stades at det ikkje utvikla seg til slåsting. Men etter at framsyninga var over, var det møtt fram hundrevis av menneske i gatene utanfor teatret, som ville demonstrere misnøya si. Den påfølgjande kvelden skjedde det same, men denne kvelden var det fleire tusen som venta utanfor teatret for å demonstrere. Nokre aviser anslo folkemengda til mellom 6000 og 7000, andre til mellom 10 000 og 12 000.

Torsdag 16. oktober møtte det fram endå fleire. Framsyninga lét seg gjennomføre med mange avbrot, men utanfor teatret var gatene svarte av folk. Aftenposten anslo folkemengda til minst 12 000, Verdens Gang gjetta 20 000. Kristiania hadde på dette tidspunktet i overkant av 250 000 innbyggjarar.

40 ekstra politikonstablar var kalla inn for å rydde gatene, i tillegg heile den ridande politistyrken. Politiet hadde køller og piskar og gjorde razzia på razzia gjennom folkemengda for å løyse henne opp. I alt 46 demonstrantar vart arresterte i løpet av natta. Deretter roa situasjonen seg. Fredagen hadde ikkje teatret framsyning, fordi Bondeungdomslaget nytta teatersalen til møte kvar fredag. Laurdagskvelden var det igjen piping under framsyninga, men roleg i gatene etterpå. På dei to søndagsframsyningane var det heilt roleg, med berre ei einsleg pipe, som ei avrunding av den mest turbulente veka i norsk teaterhistorie.

Bakgrunnen for det enorme engasjementet hadde meir med den generelle landsmålsframgangen og ikkje minst innføringa av obligatorisk sidemål til examen artium å gjere, enn med nett Det Norske Teatret. Landsmålet var i sterk framgang og vann stadig nye domene. Frå 1912, året før teatret opna, måtte alle artianarar skrive ein obligatorisk stil på sidemål til examen artium. For Det Norske Teatret har protestane vorte ein stolt augneblink i historia, eit døme på den politiske sprengkrafta i teaterprosjektet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg