Hopp til innhold
X
Innhald

Terje Lyngstad

Terje Lyngstad, tidlegare teatersjef i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Lyngstad er fødd 30. desember 1966 og kjem frå Vassenden i Jølster. Han er utdanna som lektor i marknadsføring ved Høgskulen i Buskerud 1994. Før han blei teatersjef, har han hatt ein allsidig yrkeskarriere som lærar ved Hafstad vidaregåande skule, medarbeidar ved Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, informasjonssjef ved Sogn og Fjordane Teater, kultursjef i Jølster og banksjef i Sparebank1 si avdeling i Førde.
 
Saman med Eyvind Viken skreiv Lyngstad boka Slaget om Nasjonal (2000) med anekdotar om Ludvig Eikaas. Som skribent har han dessutan levert mange petitartiklar til nynorske aviser som Firda og Dag og Tid. Han har også hatt fleire styreverv, mellom anna som styreleiar i Sogn og Fjordane Kunstnarsenter 2001–03, i Stiftinga Bendiktunet og Folkeuniversitetet i Sogn og Fjordane. Lyngstad har vore representant for Ap i bystyret i Førde frå 2007.
 
Som teatersjef har Lyngstad vore oppteken av å gjere Sogn og Fjordane Teater til eit nyskapande og markert teater i samtida. Teateret har sett opp fleire urpremierar med dagsaktuelle saker som tema, mellom dei stykket Saman skal vi leve (2005), som tek opp rasisme og mobbing, og som tek utgangspunkt i dødsfallet til Arve Beheim Karlsen i 1999. Stykket er basert på intervju der skodespelarane deltok, og fekk både Heddaprisen og ein antirasistisk pris. I 2007 fekk Sogn og Fjordane Teater prisen Håndtrykket av Dramatikerforbundet for sin innsats for å spele ny norsk dramatikk.

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 01.08.2018