Hopp til innhold

Alf Sommer

Alf Sommer, skodespelar og sceneinstruktør, medverka i komediar og drama, var ein av pionerane i Fjernsynsteateret og bidrog til å gjere Den fjerde nattevakt til nasjonal eige.

Les meir om Alf Sommer

Anne Gullestad

Anne Gullestad, skodespelar, instruktør og teatersjef. Gullestad var særleg oppteken av å formidle teaterkunst ute i distrikta og gjekk i bresjen for å opprette regionteater i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Les meir om Anne Gullestad

Astrid Sommer

Astrid Rosendal Sommer, skodespelar ved Det Norske Teatret, kjend for generasjonar av nordmenn gjennom radio- og fjernsynsteater for barn og vaksne.

Les meir om Astrid Sommer

Bergljot Engeset

Bergljot Lovise Engeset, skodespelar, journalist og forfattar med ein svært allsidig karriere. I 1970-åra var ho programleiar for fleire populære fjernsynsprogram i NRK.

Les meir om Bergljot Engeset

Bjørn Sundquist

Bjørn Sundquist

Bjørn Richard Sundquist, skodespelar som gjennom karakteristiske hovudroller har hatt ein svært sentral posisjon innanfor norsk teater, fjernsyn, film og radioteater sidan 1970-åra. Han har vunne Amandaprisen for beste mannlege hovudrolle fire gonger.

Les meir om Bjørn Sundquist

Dagmar Myhrvold

Dagmar Myhrvold, oslojente som frå sine tidlegaste ungdomsår gjekk inn for å fremje nynorsken, og som i nesten 50 år var knytt til Det Norske Teatret som skodespelar, instruktør og pedagog.

Les meir om Dagmar Myhrvold

Dore Lavik

Dore Olivarius Lavik, skodespelar, journalist og teatersjef, vann seg ry som opplesar på landsmål, grunnla sitt eige teater i Kristiania og eit omreisande teater som han turnerte med i Noreg og nabolanda.

Les meir om Dore Lavik

Frank Kjosås

Frank Kjosås

Frank Kjosås, norsk skodespelar. Han har nådd breitt ut til publikum gjennom allsidige roller på teater, film, i fjernsynsseriar og musikalar. Sidan 2006 har han vore tilsett ved Det Norske Teatret.

Les meir om Frank Kjosås

Hans Jacob Nilsen

Hans Jacob Nilsen, skodespelar og to gonger teatersjef ved Det Norske Teatret. Nilsen innførte den amerikanske musikalen ved Det Norske Teatret og stod bak ein epokeskapande versjon av Peer Gynt.

Les meir om Hans Jacob Nilsen

Hans Stormoen

Hans Stormoen, skodespelar, instruktør og omsetjar. Han var gardbrukarsonen som vart ein av dei mest allsidige og sentrale teaterpersonlegdomane i det 20. hundreåret.

Les meir om Hans Stormoen

Henny Moan

Henny Elisabeth Moan, norsk skodespelar. Ho har hatt ein sentral posisjon i norsk teater sidan 1950-åra og er dessutan kjend for medverknad i ei rekkje filmar.

Les meir om Henny Moan

Henny Skjønberg

Henny Skjønberg, skodespelar, iscenesetjar og dramatikar, spela i over hundre skodespel og filmar, mellom dei ein julekomedie frå 1940 som i fleire generasjonar var ein klassikar blant julefilmane.

Les meir om Henny Skjønberg

Ingjald Haaland

Ingjald Haaland, skodespelar og teatersjef ved Det Norske Teatret i elleve år. Haaland etablerte den tradisjonen som har prega teatret sidan, med lette folkekomediar og avantgardistisk teater side om side.

Les meir om Ingjald Haaland

Ingolf Rogde

Ingolf Rogde, skodespelar, ein folkekjær kunstnar som turnerte med Riksteatret i 20 år, og som spela Jeppe i Jeppe på Berget 700 gonger.

Les meir om Ingolf Rogde

Jon Eikemo

Jon Eikemo

Jon Magne Eikemo er ein folkekjær skodespelar på teater og film. Han har nådd eit stort publikum gjennom fleire einmannsførestillingar, ikkje minst med tekstane til Jakob Sande.

Les meir om Jon Eikemo

Kjetil Bang-Hansen

Kjetil Bang-Hansen, teatersjef, skodespelar og instruktør. Han har vore ein av dei mest sentrale teatersjefar og regissørar i Noreg sidan 1960-talet.

Les meir om Kjetil Bang-Hansen

Lars Andreas Larssen

Lars Andreas Larssen var ein folkekjær skodespelar og humorist. Som skodespelar var han allsidig. Han hadde ei karakteristisk røyst og var ein framifrå opplesar.

Les meir om Lars Andreas Larssen

Mally Haaland

Mally Haaland, skodespelar med talent for både drama og komedie. Ho underheldt publikum med karakterkomikk av det absurde og groteske slaget, og spela i over 50 teaterstykke.

Les meir om Mally Haaland

Nils Utsi

Nils Reidar Utsi, norsk-samisk skodespelar og instruktør. Han er særleg kjend for å spele samiske roller i norske filmar og teaterframsyningar.

Les meir om Nils Utsi

Odd Furøy

Odd Furøy, skodespelar, fiskarson som vart lærar, som forlét skulelivet til fordel for teaterkunsten, og som meinte at anonymitet er ein livskvalitet.

Les meir om Odd Furøy

Sigmund Sæverud

Sigmund Sæverud, skodespelar og regissør, var med og skipa Hålogaland Teater i Tromsø og var i mange år mellom dei sentrale skodespelarane ved teatret.

Les meir om Sigmund Sæverud

Svein Tindberg

Svein Randor Tindberg, skodespelar som har tolka allsidige roller. Frå 1990-åra har han hatt stor suksess med å framføre og formidle bibeltekstar på scenen, med framsyninga Abrahams barn i 2011–12 inkluderer det òg Koranen.

Les meir om Svein Tindberg

Tone Ringen

Tone Ringen, forfattar, lyrikar, songar og skodespelar ved Det Norske Teatret og ei av dei tidlege kvinnene i visebølgja frå slutten av 1960-åra.

Les meir om Tone Ringen

Wenche Medbøe

Wenche Medbøe er skodespelar og iscenesetjar. Ho har hatt eit særleg engasjement for born og unge, som ho har skrive og oppført teater for, og gjennom 40 år på Det Norske Teatret har ho spela i meir enn hundre roller.

Les meir om Wenche Medbøe