Hopp til innhold
Andreas Aabel. Fotokjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Andreas Aabel. Fotokjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Andreas Aabel

Morten Andreas Leigh Aabel, distriktslege og diktar. Han var patriot og hadde stor interesse for historie og språk. Eit av dei mest kjende dikta hans er «Se Norges blomsterdal».

Andreas Aabel var fødd 9. februar 1830 i Sogndal, som son av prosten i bygda. Han tok medisinsk embetseksamen i 1856 og arbeidde mellom anna som privatlege i Nes på Romerike, før han vart utnemnd til distriktslege i Indre Sunnfjord i 1864, med bustad i Førde. I 1885 fekk han stilling som distriktslege på Toten og flytta dit. Hausten 1895 flytta han til Gjøvik, der han budde til han døydde 9. mai 1901.

Aabel tok ivrig del i den norske nasjonsbygginga på 1800-talet. Han var mellom anna med på å skipe til den første 17. mai-feiringa i Førde, i 1869. Han var interessert i dei historiske røtene og var sterkt oppteken av gjelda som nordmennene hadde til islendingane, fordi dei hadde teke vare på dei gamle sogene og det gamle «norrønamaal». Aabel skildra både naturopplevingar, folkeliv og historie, for det meste i dikt med enderim. Dei fleste dikta er på riksmål, men nokre få er på landsmål, mellom anna dei han har skrive om norske hovdingar frå vikingtida, i Høstblomster (1896).

I studietida synte Aabel eit talent som skodespelar. Denne kunstnarlege åra vart ført vidare til seinare generasjonar. Aabel var far til skodespelaren Hauk Aabel (1869–1961) og farfar til skodespelarane Per Aabel (1902–1999) og Andreas Aabel (1911–1948).

 

Kjelder

Olav Gjørvad (red.): Totens bygdebok, bd. 2. Oslo 1937

Frantz Casper Kiær: Norges Læger i det nittende Aarhundre. Kristiania 1873

Isak Kobro: Norges læger. 1800–1908, bd. 1. Kristiania 1908

Anders Krogvig: «Morten Andreas Leigh Aabel», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Kristiania 1923

Gaute Losnegård: «Myten om Ingolf», i Jón Viðar Sigurðsson ofl.: Ingólfr. Norsk-islandsk hopehav 870–1536. Førde 2005

Ottar Starheim: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane, bd. 1. Oslo 2009

 

Peikarar

Andreas Aabel: Høstblomster eller Rimstubber, 2den samling. Kristiania 1896. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Andreas Aabel og H.U. Berg: Et nautmøte. Fe- og tryllefarce i 1 akt. Kristiania 1901. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Bibliografi i Bibsys, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Først publisert: 28.04.2021
Sist oppdatert: 28.04.2021