Hopp til innhold
X
Innhald

Åsleik Engmark

Åsleik Audgar Engmark, skodespelar, regissør, komikar og songar som har hatt ein sentral posisjon innanfor norsk teater, film og stand-up sidan 1980-åra. Med si karakteristiske stemme har han dubba ei rekkje kjende figurar på animasjonsfilm.

Åsleik Engmark var fødd 27. desember 1965 i Oslo. Han døydde 12. februar 2017 i Brüssel. Engmark starta revykarrieren med Grefsenrevyen medan han gjekk på Grefsen videregående skole (1984–87). I 1987 var han med og starta revygruppa Lompelandslaget, og sidan har han arbeidd innanfor norsk underhaldningsbransje.

Frå 1988 til 1999 var Engmark tilsett ved Det Norske Teatret. Han gjorde roller som Judas i Jesus Christ Superstar (1990), Toby i Sweeney Todd (2991) og Mio i Mio, min Mio (1992).

Engmark har gjort allsidige roller i både norsk film, teater, revy, stand-up og som songar. Med si karakteristiske stemme har han dubba sentrale figurar i animasjonsfilmar som Løvenes konge (1994, 1998, 2004) og Istid (2009, 2016). Frå 2006 til 2009 var han solist med Luftforsvarets musikkorps. Det siste Engmark gjorde på scena, var showet «Aladdin og Hans Magiske Europa. Flyktningturné 2016–17», som han gjorde saman med Jon Rørmark.

Engmark har regissert teater, film og stand up-show. Han debuterte som filmregissør med barnefilmen Knerten (2009), som var basert på boka til Anne-Cath. Vestly. Engmark har også skrive eigne soloshow, teatermanus, songtekstar, revytekstar og kortfilmmanus.

Han skreiv den satiriske sjølvbiografien Så langt i livet i 1998.

I 2001 fekk Engmark Stå-opp-prisen for innsatsen innanfor norsk stand-up. Filmen Knerten vann tre Amanda-prisar i 2010.

Kjelder

Nettstaden til Åsleik Engmark, https://www.asleik.no/http://sceneweb.no/nb/artist/18348/%C3%85sleik_Engmark [lesedato 28.2.2017]

Omtale av Engmark på Filmweb, filmweb.no: http://www.filmweb.no/profil/article811558.ece [lesedato 28.2.2017]

Peikarar

Jon Niklas Rønning: «Tomrommet etter Åsleik Engmark». Nettstaden til Stand-up Norge, stand-up.no


Først publisert: 26.05.2017
Sist oppdatert: 26.05.2017