Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørn Skagestad

Bjørn Skagestad, skodespelar, debuterte ved Det Norske Teatret, der han var tilsett frå 1969 til 1987. Han har markert seg som ein allsidig skolespelar, ein av dei fremste i den generasjonen han høyrer til.

Bjørn Skagestad er fødd i Oslo 5. september 1950. Etter realskulen byrja han på teaterlinja ved Romerike Folkehøgskole og var elev ved Rogaland Teater. I 1969 debuterte han som skodespelar i rolla som Gudleik i Læraren av Arne Garborg ved Det Norske Teatret, der han var tilsett fram til 1987. Frå 1988 har han vore tilsett ved Nationaltheatret.

Ved Det Norske Teatret hadde han roller som Ferdinand i Stormen av Shakespeare (1970), Benjamin i Påske av Strindberg (1972), Konstantin i Måken av Tsjekhov (1974) og fyrst Julian i Keisar og Galilæar (1987).

Skagestad har hatt ei rekkje sentrale roller ved Nationaltheatret, mellom anna som Osvald i Gengangere (1988), Helmer i Et dukkehjem (1990), tittelrolla i Onkel Vanja av Tsjekhov (1994), Johannes Rosmer i Rosmersholm (1998), tittelrolla i Faust av Goethe (1999), Gajev i Kirsebærhaven av Tsjekhov (2003), grosserar Werle I Vildanden (2004), Ray i Blackbird av David Harrower (2006), biskop Edvard Vergérus i Fanny og Alexander av Ingmar Bergman (2009), pastor Manders i Gengangere (2014) og Jacob i Fortrolige samtaler (2016).

Skagestad har òg spela i oppsetjingar ved andre teater, med permisjon frå Nationaltheatret, til dømes hovudrolla som løytnant Glahn i Pan av Hamsun (Oslo Nye Teater 1992), Georg von Trapp i Sound of Music (Edderkoppen 2008), fleire roller i Sangen om den røde rubin av Agnar Mykle (Riksteatret 2010), Job og Herodes i Bibelen (2013) og Herzl i Mein Kampf (2013), begge på Det Norske Teatret.

I Fjernsynsteatret har Skagestad hatt fleire roller. Særleg kan nemnast innsatsen hans i oppsetjinga Jenny av Sigrid Undset (1986). Han har medverka i fleire filmar og fjernsynsseriar, mellom anna Min älskade (1979), Liv og død (1980) og Svarte fugler (1983). Han hadde rolla som Erlend i Liv Ullmanns filmatisering av Kristin Lavransdatter (1995) og har elles vore med i fjernsynsseriar som Vestavind (1994–95), Ved Kongens bord (2005), Størst av alt (2007) og Øyevitne (2014).

Bjørn Skagestad fekk tildelt Radioteaterets Blå Fugl i 1991 og Per Aabels ærespris i 1998.

Kjelder

Thoralf Berg: «Bjørn Skagestad», Norsk biografisk leksikon, bd. 8, Oslo 2004

Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år. 1963–1988. Oslo 1988

Nils J. Ringdal: Nationaltheatrets historie 1899–1999. Oslo 2000

Jo Ørjasæter: Fjernsynsteateret til glede og forargelse. Oslo 1994

Nationaltheatrets arkiv: «Bjørn Skagestad», nationaltheatret.no: http://forest.nationaltheatret.no/Persons/Details/099a1418-44a0-4a73-a14a-e4c5a9cc270f [lesedato 27.12.2016]

Sceneweb: «Bjørn Skagestad», sceneweb.no: http://www.sceneweb.no/nb/artist/5833/Bjørn_Skagestad-1950-9-5 [lesedato 27.12.2016]

Først publisert: 12.05.2017
Sist oppdatert: 12.05.2017