Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørn Sundquist

Bjørn Richard Sundquist, skodespelar som gjennom karakteristiske hovudroller har hatt ein svært sentral posisjon innanfor norsk teater, fjernsyn, film og radioteater sidan 1970-åra. Han har vunne Amandaprisen for beste mannlege hovudrolle fire gonger.

Bjørn Sundquist er fødd 16. juni 1948 i Hammerfest og bur på Nesodden. Han tok examen artium ved Hammerfest gymnas i 1967, før han tok skodespelarutdanning ved Statens Teaterhøgskole (1969–73).

Frå 1973 til 1989 var Sundquist tilsett ved Det Norske Teatret i Oslo. Her spela han hovudrolla i mellom anna Læraren (1983) og Pantagleize (1986). Frå 1989 til 1996 var han tilsett ved Nationaltheatret, der han til dømes spela Brand (1990). Sidan har han vore frilans skodespelar innanfor teater og film.

Sundquist debuterte som filmskodespelar i rolla som Roar i Kronprinsen (1979) og har sidan spela ei rekkje sentrale roller i filmar som Drømspel (1994), Kjærlighetens kjøtere (1995), Kautokeino-opprøret (2008) og Jernanger (2009). Filmen Søndagsengler (1996), der Sundquist spelar rolla som prest, vart nominert til Oscar for beste utanlandske film.

Han har òg vore med i mange fjernsynsproduksjonar, mellom anna i filmane og fjernsynsseriane om kriminaletterforskar Konrad Sejer og i Berlinerpoplene (2007). Sundquist har dessutan vore mykje brukt som skodespelar i Radioteateret.

Sundquist er ein allsidig skodespelar. Han tolkar like gjerne roller i klassiske drama på teater som i underhaldningsseriar på fjernsynet. Han fekk Teaterkritikarprisen for rolla i Pantagleize i 1987. For innsatsen på film har han vunne Amandaprisen for beste mannlege hovudrolle fire gonger, og i 2000 fekk han Amandakomiteen sin ærespris. Same året vann han Gullruten i klassen for beste fjernsynsskodespelar. I 2005 fekk Sundquist prisen som beste skodespelar under Rouen Nordic Film Festival for hovudrolla i Min misunnelige frisør (2004). Han fekk Finnmark fylkeskommune sin kulturpris i 2007.

Kjelder

Bjørn Sundquist, biografi, sceneweb.no: http://sceneweb.no/nb/artist/4142/Bj%C3%B8rn_Sundquist-1948-6-16 [lesedato 16.1.2015]

Bjørn Sundquist, biografi, filmweb.no: http://www.filmweb.no/profil/article807620.ece [lesedato 2.1.2015]

Bjørn Sundquist, biografi, imdb.com: http://www.imdb.com/name/nm0839209/ [lesedato 2.1.2015]

Peikarar

(NTB): «Rørt Sundquist fikk sin femte Amanda», klassekampen.no

Eivind Sæther: «Slagbjørnen», dagbladet.no

Først publisert: 07.09.2015
Sist oppdatert: 16.06.2020