Faktaboks

Erik Ulfsby
Fødd
2. oktober 1970, Oslo
Erik Ulfsby i 2017
/Det Norske Teatret.
Lisens: CC BY 4.0

Erik Ulfsby er ein norsk regissør, skodespelar og teatersjef, som i januar 2011 vart teatersjef ved Det Norske Teatret.

Regioppgaver

Ulfsby er utdanna ved Statens teaterhøgskole. Han debuterte som regissør med David Mamets Oleanna ved Teatret Vårt i Molde i 2000. Han hadde regi på Ibsen-moderniseringa Bollywood Ibsen – Fruen fra Det indiske hav for Oslo Nye Teater i 2006. Framsyninga fekk Heddaprisen i kategorien Årets teaterprosjekt same år. Han regisserte Rudyard Kiplings Jungelboken for Det Norske Teatret i 2008. Framsyninga vart i 2009 påskjønt med Heddaprisen i klassen for beste barne- og ungdomsframsyning. Same år var han nominert i klassen for beste regi både for Jungelboken og for O'Neills Lang dags ferd mot natt for Teatret Vårt (2009). Fotballoperaen Norge-Brasil, som han regisserte for Det Norske Teatret i 2012, vart nominert til Heddaprisen for beste framsyning.

Blant Ulfsby sine andre regioppgåver finn ein Elektra (Oslo Nye Teater 2008), Jesus Christ Superstar (Det Norske Teatret 2009), Shockheaded Peter (Det Norske Teatret 2013 og Rogaland Teater 2015), Spelemann på taket (Det Norske Teatret 2014), Kalvø (2014), Peer Gynt (ved Gålåvatnet i 2014, 2015 og 2016, på Det Norske Teatret i 2018) og maratonframsyninga Andre verdskrigen – Natt i verda (Det Norske Teatret 2016). Ulfsby har også regissert humorshow, og han har fire gonger motteke Komiprisen, for regi på framsyningane Bye & Rønning prøver keiserens nye klær (2006), for Marit Voldsæters Med ræven i fatle (2007), og for tidlegare nemnde Shockheaded Peter (2014) og Kalvø (2015).

Skodespelaroppgåver

Som skodespelar har Ulfsby mellom anna vore tilknytta Trøndelag Teater og Den Nationale Scene. Blant rollene hans er tittelrolla i Antoine de Saint-Exupérys Den lille prinsen og Guten i Edward Albees Tre høye kvinner, begge ved Trøndelag Teater i 1995.

Sjefsjobb

I perioden 2011–2025 er Ulfsby teatersjef ved Det Norske Teatret. I denne stillinga har han mellom anna oppretta utdanningstilbodet Det multinorske, som skolerer skodespelarar med fleirkulturell bakgrunn. Første kull var ferdigutdanna i 2015. I sjefstida hans har Det Norske Teatret også etablert ei biscene på Rommen Scene i Groruddalen (frå 2019).

Erik Ulfsby er gift med musikar Ingrid Olava Brænd Eriksen. Han var tidlegare gift med skodespelar Ine Jansen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg