Hopp til innhold
Espen Skjønberg og Rut Tellefsen i samband med førestillinga «Kirsebærhaven» på Nationaltheatret i 1988. Foto: Frits Solvang, kjelde: DEXTRA Photo på oslobilder.no CC BY 3.0 (bildenr. DEX_FS_003451).
Espen Skjønberg og Rut Tellefsen i samband med førestillinga «Kirsebærhaven» på Nationaltheatret i 1988. Foto: Frits Solvang, kjelde: DEXTRA Photo på oslobilder.no CC BY 3.0 (bildenr. DEX_FS_003451).
X
Innhald

Espen Skjønberg

Espen Henrik Skjønberg har vore ein sentral norsk skodespelar på teater, i radio og på film, etter kvart også i fjernsynet, sidan 1950-åra. Uoffisielt blir han rekna som den norske scenekunstens «Grand Old Man».

Espen Skjønberg er fødd 7. april 1924 i Oslo og voks opp i Bærum. Med begge foreldra som skodespelarar kom han tidleg inn i teatermiljøet og hadde sine første roller alt som barn. Under krigen var han med på å skipe eit fritt teater i Sandvika, med stor tilstrøyming. Noko seinare var han knytt til det private Stavanger Theater, der han debuterte i ei mindre rolle i Pygmalion i 1945. Han blei knytt til Nationaltheatret som elev i 1946, og i 1949 til Det Nye Teater, som etter ti år blei slått saman med Folketeatret under namnet Oslo Nye Teater. Skjønberg heldt fram ved dette teateret til i 1966, då han blei tilknytt Det Norske Teatret. Frå 1968 var han attende ved Nationaltheatret, og der var han tilsett til han gjekk av med pensjon i 1995. Men også seinare har han spela i mange roller.

Skjønberg har gjennom si lange karriere spela ei rekkje Ibsen-roller, til dømes Osvald i Gengangere (Det Nye Teater 1954) og fleire roller i Vildanden: Gregers Werle (Rogaland Teater 1946, Fjernsynsteateret 1970), Hjalmar Ekdal (Det Norske Teatret og Radioteatret 1968) og grosserar Werle (Nationaltheatret 1990). Han hadde stor suksess i tittelrolla i Peer Gynt på Sommarteatret i Frognerparken i Oslo i 1957. Den same rolla gjorde han på Trøndelag Teater i 1973. Han var Tesman og Brack i Hedda Gabler (Rogaland Teater 1963 og Oslo Nye Teater 1966), Helmer i Et dukkehjem (Nationaltheatret 1971) og Brendel i Rosmersholm (Nationaltheatret 1986). Som få andre norske skodespelarar har Skjønberg eit namn også i utlandet. Han har mellom anna gjort Ibsen-roller ved britiske og amerikanske scener: Ulrik Brendel i Rosmersholm ved Royal Exchange Theatre, Manchester (1981) og Arnold Rubek i Når vi døde vågner på Almeida Theatre, London (1990).

Skjønberg har òg spela ei rekkje andre klassiske roller. I 1960 gjesta han Rogaland Teater og spela Higgins i My Fair Lady. På Nationaltheatret hadde han rolla som kaptein Edgar i Dødsdansen av Strindberg (1970) og var George i Hvem er redd for Virginia Woolf? (1974). Han har spela i fleire Shakespeare-framsyningar, til dømes tittelrolla i Othello (1980) og i Kong Lear (1989).

I 1977 var han med på å skipe Torshovteatret, Nationaltheatrets bydelsscene. I opningsframsyninga Lever du'a Karlsen? spela han den joviale Karlsen. Men han har særleg utmerkt seg i demoniske og usympatiske roller, som rittmeisteren i Faderen av Strindberg (1968), Khlestakov i Revisoren av Nikolai Gogol (1968), narren i Narren og hans hertug av Stein Mehren (1969), Nero i Britannicus av Racine (1971), tittelrolla i Richard III av Shakespeare (1974), Mefistofeles i Faust av Goethe (1985) og tittelrolla i Boris Gudonov av Alexandr Pusjkin (1991). Rollelista ved Nationaltheatret er elles lang. Han tok offisielt avskil med teatret i 1995 i rolla som Nathan i Nathan den vise av Gotthold E. Lessing. Han har sidan gjesta teateret i andre roller. Saman med Toralv Maurstad spela han i Vente på Godot av Samuel Beckett (2005–06), ei oppsetjing som blei svært populær, og som begge skodespelarane fekk tildelt Heddas ærespris for (2005). Skjønberg har elles medverka i Måken av Tsjekhov (2009), Folk og røvere i Kardemomme by (2012) og i Tre Søstre av Tsjekhov (2014). Frå 2000 har han med jamne mellomrom vore på turné med monologen Grand Old Man, skriven av Lars Saabye Christensen.

Espen Skjønberg og Henny Moan i førestillinga «Narren og hans hertug» på Nationaltheatret i 1969. Foto: Sølve Harm, kjelde: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek på oslobilder.no CC BY-NC-ND 3.0 (bildenr. AAB-102799).

Espen Skjønberg og Henny Moan i førestillinga «Narren og hans hertug» på Nationaltheatret i 1969. Foto: Sølve Harm, kjelde: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek på oslobilder.no CC BY-NC-ND 3.0 (bildenr. AAB-102799).

Skjønberg har medverka i over 40 filmar, mellom anna som Ola i Vi vil skilles (1952), Jon i Arven (1979), gamle Martin i En håndfull tid (1990) og i tittelrolla i Secondløitnanten (1993), som han fekk Amandaprisen for i 1994, Drømspel (1994) og O'Horten (2007). Han har spela i ei rekkje av oppsetjingane til Fjernsynsteatret opp gjennom åra og har gjort viktige roller i fleire fjernsynsseriar, til dømes som Didrik i Medmenneske av Duun (1980), Algot Engan i Vestavind (1994–95), familieoverhovudet Haakon i familiesagaen De Syv Søstre (1996–2000) og Tormod Neshov i Berlinerpoplene (2007–08). For denne siste rolla fekk han Gullruten som beste mannlege skodespelar (2009). Han hadde òg ei større rolle i den britiske fjernsynsthrillaren Codenamne: Kyril (1988).

Skjønberg har vore ein av dei leiande karakterskodespelarane i sin generasjon. Karakteristisk for han som skodespelar er den sterke innlevingsevna. Det emosjonelle og dramatiske pregar uttrykket hans på scenen. Det kunstnariske idealet er å kaste seg ut på djupna, og med det vinn han òg publikum for seg.

Espen Skjønberg blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1989. Han er tildelt Norsk kulturråds ærespris (1989) og æres-Amandapris (2004).

Sjå Espen Skjønberg som Gregers Werle i Vildanden frå 1970, produsert av NRK Fjernsynsteateret:

Kjelder

Jon Gunnar Arntzen (red.): Hvem er hvem? Oslo 1994

Svend Erik Løken Larsen: «Espen Skjønberg», Norsk biografisk leksikon, bd. 8, Oslo 2004

Nils J. Ringdal: Nationaltheatrets historie 1899–1999. Oslo 2000

Jo Ørjasæter: Fjernsynsteateret til glede og forargelse. Oslo 1994

Nationaltheatret: «Espen Skjønberg», nationalteathret.no: http://forest.nationaltheatret.no/Persons/Details/47bc0fdc-2782-4962-b05c-82dd3e0c70e7 [lesedato 6.1.2017]

Sceneweb: «Espen Skjønberg», sceneweb.no: http://www.sceneweb.no/nb/artist/11380/Espen_Skjønberg [lesedato 6.1.2017]

 

Peikarar 

Mitt liv. Espen Skjønberg, nrk.no


Først publisert: 18.05.2017
Sist oppdatert: 06.08.2020