Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Geirdis Bjørlo

Geirdis Bjørlo, barnebokforfattar, regissør, skodespelar og dokkemakar.

Geirdis Bjørlo er fødd 14. oktober 1952 i Vestnes i Romsdalen og er busett i Bergen. Ho tok førskulelærarutdanning i Trondheim og drama ved Høgskolen i Bergen (1972–75), hospiterte ved Vestlandets Kunstakademi (1979), tok teaterutdanning i California (1981) og kunsthistorie og forming i Bergen (1994–97).
Ho var medeigar og utøvar i den frie, profesjonelle teatergruppa Teatret Rundt-Omkríng (1976–1994) og har hatt samarbeidsprosjekt med Hordaland Teater. Ho arbeider som sjølvstendig kunstnar innanfor scenekunstfeltet.
Bjørlo debuterte med barneboka To nissar i 2000. Boka bygde på den mangeårige figurteaterframsyninga ved Hordaland teater, Svingennissen og Nissen på Bakken, som ho skreiv saman med ektemannen Sigurd Lysbakken. Bjørlo hadde ansvar for scenografi, kostyme og dokker. Ho er mor til politikaren Audun Lysbakken.
I 2004 kom Kort til ein engel, ei alvorleg bok om å misse ein nær familiemedlem. Illustrasjonane uttrykkjer det melankolske og gir rom for kjensler. Ei midtsommarsoge (2006) handlar om dei magiske kreftene i naturen, om tussar og om menneske. I 2011 kom Avtrykk, den første boka hennar for vaksne. Løyndomar blir avslørt, og forteljinga vekslar mellom fortid og notid.
Bjørlo turnerte med Den kulturelle skulesekken med framsyninga Store Stemme i samarbeid med Figureteateret i Nordland i 2006–10. Framsyninga blei nominert til Heddaprisen i 2007 og Gullsekken i 2008.
Kjelder
Samtale med Geirdis Bjørlo
Biografi hos Proscen, procsen.no, publisert 27.07.2009, http://www.proscen.no/index.php/bruker/204 [lesedato 22.03.2011]
Forfattarside om Geirdis Bjørlo, samlaget.no, http://www.samlaget.no/Forfattarar/B/Geirdis-Bjoerlo.aspx [lesedato 22.03.2011]
Anne Schäffer: «Bittersøtt savn», bokmelding av Kort til ein engel på barnebokkritikk.no, publisert 25.11.2004, http://www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&rop=showcontent&id=199 [lesedato 22.03.2011] 
Peikarar

Først publisert: 22.03.2011
Sist oppdatert: 14.10.2020