Hopp til innhold

Ingjald Haaland

Ingjald Haaland, skodespelar og teatersjef ved Det Norske Teatret i elleve år. Haaland etablerte den tradisjonen som har prega teatret sidan, med lette folkekomediar og avantgardistisk teater side om side.

Ingjald Haaland var fødd i Hålandsdalen 22. mars 1885 og døydde 28. juli 1952. Han var medlem av det første ensemblet ved Det Norske Teatret, var teatersjef ved teatret i elleve år og var ein av dei berande karakterskodespelarane heilt til han trekte seg attende i 1940.
Då Ingjald Haaland i slutten av tenåra gjekk på handelsskule i Bergen, hadde han statistroller ved Den Nationale Scene og las privat med skodespelar Rasmus Rasmussen. Han var ein engasjert målmann, var med på møte i ungdomslaget Ervingen og det eldste mållaget i landet, Vestmannalaget. Han var òg med på å samle abonnentar og annonsar då landsmålsavisa Gula Tidend starta opp. I 1905 drog han til Kristiania for å selje margarin frå margarinfabrikken til broren og lese vidare med skodespelar Thora Hansson på kveldstid. Han vart tilsett i Dore Lavik sitt omreisande teaterselskap, og her fekk Ingjald Haaland sine formative år som skodespelar.
Men han lukkast aldri med å få plass ved institusjonsteatra, på grunn av dialekten sin. Han gav difor opp heile skodespelkunsten og skreiv ein melodramatisk sjølvbiografisk avskilstekst i Gula Tidend med tittelen «Utestengd».
Men då Det Norske Teatret skulle opne i 1913, vart Haaland tilsett som skodespelar i det første ensemblet. Her var dialektbakgrunnen og landsmålsengasjementet hans plutseleg ein ressurs. I 1922 vart han utnemnd til sjef ved Det Norsk Teatret, og han vart sitjande som teatersjef heilt til 1933.
Haaland gav teatret sårt tiltrengd kontinuitet og stabilitet i leiinga. Han etablerte den dobbelstrategien som sidan har prega teatret, med avantgardistisk teater og kommersielle folkekomediar side om side. Han knytte instruktøren Agnes Mowinckel til teatret, og gjennom ein serie iscenesetjingar frå 1923 og utetter gjorde ho Det Norske Teatret til det kunstnarisk førande teatret i landet.
Haaland sjølv var ein realistisk og etter kvart gamaldags instruktør, men ein sterk karakterskodespelar. Mellom høgdepunkta var rollene som Paulus Hove i Garborgs Læraren (1938), Jegor Bulytsjov i Maxim Gorkijs drama med same namn (1935) og hovudrolla i Carl Zuckmayers Köpenick-kapteinen (1932).
Ingjald Haaland vart verande skodespelar ved teatret etter sjefsperioden, til han i 1940 trekte seg attende til Mundheim i Hardanger i lag med andrekona si, Tove Bryn Haaland. Her la han ned eit stort arbeid i å støtte og inspirere amatørteaterrørsla, med far til Jon Fosse mellom dei mange ivrige amatørskodespelarane. Haaland døydde i 1952.
Kjelder
Arkivet til Det Norske Teatret
Ingjald Haaland: «Utestengd», Gula Tidend 4.3.1912
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord. Oslo 2009
Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret femti år 1913–1963. Oslo 1963

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 04.09.2013