Hopp til innhold
Ingolf Rogde som Jeppe på Bjerget, Riksteatret 1950. Foto: Sturlason. Kjelde: Oslo Museum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: TM.T03726. CC BY-SA 4.0.
Ingolf Rogde som Jeppe på Bjerget, Riksteatret 1950. Foto: Sturlason. Kjelde: Oslo Museum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: TM.T03726. CC BY-SA 4.0.
X
Innhald

Ingolf Rogde

Ingolf Rogde, skodespelar, ein folkekjær kunstnar som turnerte med Riksteatret i 20 år, og som spela Jeppe i Jeppe på Berget 700 gonger.

Ingolf Rogde var fødd på Haugsholmen i Sande kommune i Møre og Romsdal 14. mai 1911 og døydde i Oslo 4. juni 1978. Etter handelsskuleeksamen i 1928 arbeidde han i åtte år som kontotrist i Ålvik i Hardanger. Han debuterte på Trøndelag Teater i 1937 i framsyninga Kvinnene på Niskavuori. Frå 1946 til 1972 opptredde han ved dei fleste teaterscenene i landet. Han hadde rolla som Jeppe i Jeppe på Berget ved Det Nye Teater i 1944 og var Dovregubben i Peer Gynt ved Det Norske Teatret i 1948. Bortsett frå nokre få år var han engasjert ved Riksteatret frå 1950 til 1975.
 
Rogde sitt skodespelartalent kom til sin rett i ulike sjangrar. Han gjekk inn i klassiske dramaroller av Strindberg, Shakespeare og Ibsen, i psykologisk-lyriske stykke av Turgenjev og O’Neill og i reine lystspel. Komediane han spela i, romma ofte eit stort alvor. Kvinnene på Niskavuori er ei munter-mørk historie om to tunge kvinnelagnader, den lattervekkjande Jeppe i Jeppe på Berget er ein tragikomisk figur.
 
Frå 1945 medverka han i eit tjuetals filmar og hadde roller for fjernsynet og Radioteatret.
 
Frå smelteverk til teaterscene
Det var ingen strak veg frå oppveksten på Nordvestlandet til ein karriere som scenekunstnar. Teaterskulen var enno ikkje oppretta, og dei få teatra som fanst, låg i dei store byane. Det var først som bokhaldar ved Bjølvefossen smelteverk i Hardanger at Rogde byrja å lese dramatikk og orientere seg mot teateret. Han øvde inn roller på eiga hand, og i helgane tok han båten til Bergen for å få rettleiing av skodespelaren Hans Stormoen.
 
I tillegg vart det turar til Oslo for å prøvespele for teatera der. Sjefen ved det nystarta Trøndelag Teater vart overtydd om Rogde sitt talent og tilbaud han kontrakt. Etter opningsframsyninga i 1937 vart han verande ved teateret til det stengde i 1943, men var etter krigen tilbake ved fleire høve.
 
Skodespelarkarrieren famna breitt. Han var fagidioten professor Thygesen i Bjørnsons Geografi og kjærlighet, den desillusjonerte Loman i Arthur Millers En handelsreisendes død og feltpresten i antikrigsdramaet Mor Courage av Bertolt Brecht. Ein av dei store publikumsfulltreffarane gjorde han som Dr. Stockmann i Ibsens En folkefiende.
 
Då Det Norske Teatret sette opp Peer Gynt i 1948 med Rogde i rolla som Dovregubben, var det første gongen diktverket vart spela på nynorsk, og musikken var nykomponert for å passe til den avromantiserte tolkinga av stykket. Trass i hard kritikk på førehand vart framsyninga ein kunstnarleg triumf, både i Noreg og i utlandet.
 
20 år med turnéliv
Det nyskipa Riksteatret hadde sin første sesong i 1949, og alt frå 1950 var Rogde ein del av kjernetroppen til teateret. Det vart tallause turnear rundt om i landet. År om anna spela Riksteatret på 200–300 stader, og det var først og fremst byar og bygder langt unna dei faste teatera i Sør-Noreg som vart vitja. Reisene var strabasiøse, og scenene og innkvarteringane i lokalsamfunnet ofte kummerlege, men Rogde glødde for turnélivet, og publikum gledde seg over Rogde.
 
Den rolla som framfor alle gjorde han til ein omtykt skodespelar, var rolla som Jeppe i Jeppe på Berget. I årevis var det eit av dei mest populære innslaga på repertoaret til Riksteatret. I alt spela Rogde over 700 framsyningar som Jeppe. For tilskodarar i teatersalar, forsamlingshus, skular og institusjonar landet rundt var Jeppe einstydande med Rogde.
 
Roller for radio, fjernsyn og film
I Rogde si levetid kom det nye underhaldningsmedium. Radioteater, lydfilm og fjernsynsteater nådde fram til folk på dei mest avsides stader, der sjølv Riksteatret måtte gi tapt.
 
Rogde greip sjansen som dei nye media baud på. Frå 1945 medverka han i ei rekkje spelefilmar, mellom dei Trollfossen (1948), historia om direktøren som ville skape industrieventyr ved å leggje fossefalla i rør. I 1970-åra spela han i fjernsynsserien Benoni og Rosa og var med i moroserien Fleksnes og krimkomedien Nitimemordet. Han var opplesar i radioen og skodespelar for Radioteatret.
 
I 1977 feira Trøndelag Teater 40 år. Med på feiringa var Rogde, i stykket Prisen av Arthur Miller. Då var det 40 år sidan Rogde debuterte som skodespelar ved teatret.
 
Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1969.
 
Kjelder
Heljar Mjøen og Nils Brantzeg (red.): Norske skuespillerportretter. Oslo 1969
Odd Vanemo: Intervju med Ingolf Rogde. VG 25.7.1977

Først publisert: 05.01.2015
Sist oppdatert: 05.01.2015