Faktaboks

Kolbein Melvær
Fødd
9. oktober 1890, Bulandet i Sogn og Fjordane
Død
5. september 1945, Dale i Sunnfjord
Scenefotografi frå Det Norske Teatret frå stykket "Vaarflaumen" i 1915. Kolbein Melvær i rolla som doktor.
Det Norske Teatret/Nasjonalbiblioteket.

Kolbein Melvær var skodespelar ved Det Norske Teatret og seinare lensmann i Dale i Sunnfjord, der han vart ein viktig støttespelar for den unge forfattaren Jakob Sande.

Bakgrunn

Kolbein Melvær var fødd på Bulandet i Askvoll i Sogn og Fjordane (no Vestland) og døydde i Dale (no Fjaler) i Sunnfjord.

Karriere

Etter nokre år i Bergen, der Melvær var tilsett hos amtmannen (fylkesmannen), med titlar som embetskontorist og justitskontorist, flytta han til Oslo og vart skodespelar ved Det Norske Teatret frå 1913 til 1917. Her var han med i 16 spelstykke, både folkekomediar som Friarar av Olav Hoprekstad og meir seriøse stykke, som Hannemor av Gerhart Hauptmann, tysk nobelprisvinnar i litteratur i 1912.

I 1917 flytta Melvær attende til Bergen, igjen tilsett hos Fylkesmannen, no med tittelen fylkesfullmektig. Han vart verande i Bergen til nyåret 1923. Då flytta han til Dale i Sunnfjord, der han var tilsett som lensmann i 1923. Denne stillinga hadde han til han døydde i 1945, av tuberkulose.

I åra før han flytta til Dale, var Melvær knytt til Edvard Drabløs sitt teater i Bergen og var med på fleire turnear med dette ensemblet. I 1922 var han også leiar i Sunnfjordlaget i Bergen.

Litteratur- og teaterkritikken

Melvær var ei viktig støtte for Jakob Sande i åra før den unge sambygdingen debuterte som forfattar i 1929. Han oppmuntra Sande då avslaga på manus kom, og han tok det unge diktartalentet med på ulike oppdrag i kommunen, der Sande opplevde menneske og hendingar som gav inspirasjon til dikt. Melvær var teatermeldar og hadde sjølv fleire dikt på trykk i Gula Tidend i 1920-åra. Han skreiv òg den første større oversynsartikkelen som freista å sjå heilskapen i Sandes forfattarskap i Ung Noreg i 1936.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sveinung Næss: «Kolbein Melvær: Fra 'Lensmannen' til Det Norske Teatret til lensmann i Fjaler», i Ove Eide (red.): Jakob Sande. 2004, årbok frå Jakob Sande-selskapet. Dale i Sunnfjord 2004

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg