Hopp til innhold
X
Innhald

Rolf Søder

Rolf Søder, skodespelar, medverka i teater, film, radio og fjernsyn, ein allsidig artist som fekk folk til å le, men som særleg utmerkte seg i samfunnskritiske roller.

Rolf Søderstrøm, som i 1944 tok etternamnet Søder, var fødd i Oslo 4. juli 1918 og døydde der 23. august 1998. Han utdanna seg til boktrykkjar og arbeidde som typograf frå 1937 til 1944. Deretter var det skodespelarkunsten som galdt. Han fekk innpass ved Bjørnevik teater, der han debuterte i rolla som professor Higgins i Pygmalion i 1944. Frå 1946 til 1988 var han tilsett ved dei fleste store teatera i landet og spela i Radioteatret og Fjernsynsteatret.

Den første filmrolla gjorde han i 1955. Dei neste tretti åra medverka han i eit førtitals filmar, og fleire av dei fekk internasjonal merksemd. For i innsatsen i Brent jord, om russarane sin innsats då tyskarane trekte seg ut av Finnmark i 1944, fekk han Moskva Filmfestival sin pris til beste skodespelar i 1969. I krigsfilmen Ni liv, som vart nominert til Oscar for beste utanlandske film i 1959, spela han elitesoldaten Sigurd Eskeland. I 2005 vart filmen kåra til den beste norske filmen gjennom tidene av Bergen internasjonale filmfestival. For rolla som krigsskadd uteliggjar i Belønningen sikra han seg den norske Filmkritikarprisen i 1980.

Han nådde eit landsdekkjande publikum med høyrespel og opplesingar i radioen og i krim- og dramaseriar for fjernsynet. Mange utanfor allfarveg fekk oppleve han direkte på scena gjennom teaterturnear.

På alle scener, i alle medium

Søder var engasjert ved dei fleste av dei norske institusjonsteatra. Han kom med i ensemblet til det nystarta Riksteatret og var med på den første turneen i 1949. Då drog teatret til Finnmark og farta fylket rundt med fiskebåt med En reise i natten. I 1989 var Søder med på Riksteatret si 40-årsfeiring, som opna med turné i Finnmark, denne gong i teaterbåt, med Alle mine sønner. Då Den Nationale Scene sette opp Jeppe på Bjerget, der Søder var ein av baronen sine drikkevener, gav dei over hundre framsyningar utanfor Bergen.

Etter eit år ved Rogaland Teater var han tilsett ved Folketeatret i 1952–59, der han markerte seg som karakterskodespelar. Det lengste engasjementet hadde han ved Nationaltheatret (1968–88). Ved alle scenene utmerkte han seg i seriøse roller. Han var Mackie i Tolvskillingsoperaen av Brecht, Engstrand i Ibsens Gengangere og ektemannen i Den gang av Harold Pinter. Andre store roller gjorde han i oppsetjingar av Peer Gynt, Frøken Julie og Lang dags ferd mot natt.

Gjennom radio og fjernsyn fekk folk langt unna teaterscenene ta del i norsk og utanlandsk dramatikk. Søder formidla både Ibsen, Evensmo og Falkberget for fjernsynssjåarane. Det vanka òg godbitar av lettare slag. Dei som lytta til Radioteatret, kunne høyre han i den svenske krimserien Mannen som gikk opp i røyk, og i den norske Inspektør Snusens memoarer. Born kunne glede seg til spennande høyrespel i Laurdagsbarnetimen, der Søder lyfta fram klassiske forteljingar som Skatten på Sjørøverøya og Jungelboka. Mange av seriane frå radio og fjernsyn har fleire gonger gått i reprise.

Med hjarte på venstresida

Søder voks opp i ein politisk aktiv arbeidarklassefamilie og stod sjølv støtt på den politiske venstresida. Det politiske engasjementet bidrog til at dei samfunnskritiske rollene han spela, fekk ein personleg intensitet. Nokre av teaterstykka hadde politisk handling frå tidlegare tider, mellom anna Nederlaget og Mordet på Marat, andre frå samtida, til dømes Alle mine sønner, om krigsprofitørar i USA, og Skyt deg, Senja, ein sovjetkristisk farse om småborgarar som vert knuste av det kommunistiske byråkratiet.

Fleire av filmane han var med i, bygde på hendingar frå krigen i Noreg. I I slik en natt er han drosjesjåføren som hjelper jødiske born slik at dei slepp unna tvangssending til Tyskland. Ni liv er filmatiseringa av Jan Baalsrud og dei andre motstandsmennene sitt dramatiske sabotasjeoppdrag i 1943, der Søder er ein av kommandosoldatane, som alle vert drepne som følgje av angiveri. Han medverka i Fjernsynsteatret sin serie om norsk klassekamp i 1930-åra og i stykket I de hvites Amerika, som med grunnlag i faktiske hendingar viser rasemotsetningar i USA.

Alvoret låg nær også i morostykka. På Chat Noir parodierte han norsk toleranse i revyen Det er jo så deilig (1964), i Sandkassen (1970) heldt han ap med sjølvhevding og hakkeorden i vaksenverda. I Kuler i solnedgang (1972) var det machomenn og westernromantikk han harselerte med.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: Utdrag frå monologen «Den store nestekjærligheten» med Rolf Søder, framført i revyen Det er jo så deilig (1964) på Chat Noir. Tekst: Alfred Næss.

Søder var ein habil songar, og helst song han viser om arbeidarkultur, på klingande Oslo-dialekt. På samleplata Jargong Vålereng', frå 1980, framfører han både dikt og songar, der han på poetisk vis skildrar det røffe livet i arbeidarklassa på austkanten. I nokre av tekstane er Søder sjølv medforfattar.

Som privatperson viste han solidaritet med folk frå enkle kår. Han heldt kontakt med det gamle nabolaget sitt og opptredde i foreiningar, fengsel og på aldersheimar, gjerne med dikt av Rudolf Nilsen og Nordahl Grieg.

Kjelder

Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret, femti år. 1913–1963. Oslo 1963

Lars Thomas Braathen, Jan Erik Holst og Jan H. Kortner (red.): Filmen i Norge. Norske kinofilmer gjennom 100 år. Oslo 1995. Digital utgåve nb.no: http://www.nb.no/nbsok/nb/b9bbada8c4f1a4d71599915dbe39faa8?index=1#5 [lesedato 10.11.2015]

Knut Nygaard og Eiliv Eide: Den Nationale Scene 1931–76. Oslo 1977. Digital utgåve nb.no: http://www.nb.no/nbsok/nb/00fbaaf73aeadedd65987e8e5f4ac98f?index=3#0 [lesedato 7.11.2015]

«Rolf Søder», Norsk biografisk leksikon, snl.no: https://nbl.snl.no/Rolf_S%C3%B8der [lesedato 6.11.2015]

Peikarar

NRK TV: Ulike teaterstykke, opplesingar og andre program med Rolf Søder, nrk.no

Først publisert: 05.07.2016
Sist oppdatert: 05.07.2016