Hopp til innhold
X
Innhald

Sigmund Sæverud

Sigmund Sæverud, skodespelar og regissør, var med og skipa Hålogaland Teater i Tromsø og var i mange år mellom dei sentrale skodespelarane ved teatret.

Sigmund Sæverud er fødd 3. mars 1939 i Bergen. Han bur no i Oslo. Han vart uteksaminert frå Statens Teaterhøgskole i 1964 og var tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen i 1967–71. Sæverud var med og skipa Hålogaland Teater i Tromsø i 1971 og var knytt til teatret fram til i 2006. Sidan har han vore frilansar.
Sæverud var ein av dei sentrale skodespelarane ved Hålogaland Teater frå byrjinga og tok del i alle dei viktige produksjonane i den første tida ved teatret, mellom anna i det store gjennombrotet, Det e her æ høre tel (1973). Han har hatt roller som Winston i Athol Fugarts Øya (1985), Goldberg i Harold Pinters Fødelsdagsselskapet (1986) og Stivhatten i jubileumsframsyninga Kranes Konditori av Cora Sandel (1986). Han har òg vore regissør for fleire framsyningar, mellom anna suksessen Den tapre soldat Svejk av Jaroslav Hašek (1985). Sæverud har skrive skodespel for born, mellom anna eventyrframsyninga Gutten og gullfuglen (1970 og 1977). I 1995 gjesta han Den Nationale Scene i Helligtrekongersaften eller Hva de vil, og han medverka i Pierre Schaffers Amadeus ved Oslo Nye Teater i 2001 og i Hamlet ved Teater Ibsen i 2005.
Sigmund Sæverud har vore med i fleire filmar og fjernsynsproduksjonar, mellom anna i Gåten Knut Hamsun (1996) og Jeg er Dina (2002). I den populære NRK-serien Himmelblå (2008) frå Ylvingen på Helgeland spela han gardbrukaren Johan. Sæverud er på sitt beste når han framstiller karakterar frå nordnorske miljø. I tillegg til å vere skodespelar, har han undervist ved Statens Teaterhøgskole.
Kjelder
Jens Harald Eilertsen: Polare scener. Nordnorsk teaterhistorie fra 1971–2000. Stamsund 2005
Odd Sønvinsen: «Sæverud 50», Nordlys 3.3.1989
Erik Veigård: «En teatermann med fremdrift», Aftenposten 3.3.1989
Peikarar
NRK sin omtale av Himmelblå

Først publisert: 07.06.2012
Sist oppdatert: 04.09.2013