Hopp til innhold
X
Innhald

Monty Python

Monty Python, britisk komikargruppe som fornya britisk humor og skapte filmen Life of Brian, som var så morosam at han blei forboden i Noreg.

Monty Python er ei britisk komikargruppe som blei etablert i 1969 av dei seks humoristane Graham Chapman, John Cleese, Terry Gilliam, Terry Jones, Eric Idle og Michael Palin. Gruppa kom saman for å lage det som blei programserien Monty Python's Flying Circus (1969–74) på BBC. Parallelt med og etter fjernsynsserien kom det fleire filmar, mellom anna Life of Brian (1979) og The Meaning of Life (1983).

Video: Eit utval sketsjar frå «Monty Python's Flying Circus».

Humoren til gruppa kan karakteriserast som surrealistisk, svart og satirisk. I motsetnad til tidlegare humorgrupper var ikkje parodien eller utvikling av faste typekarakterar det sentrale, men det humoristiske i kvardagen. Dei underheldt og provoserte ved å pirke i det som blei teke for gitt.

Med fysisk komikk, absurde vitsar og evne til å sjå det satiriske i kvardagen fornya Monty Python ikkje berre den britiske humoren, men også den norske. Fleire norske komikarar lét seg inspirere til å utvikle ny norsk humor på scenar og i fjernsynet.

Humorgruppa Prima Vera, med Herodes Falsk, Tom Mathisen og Jahn Teigen, er kanskje den gruppa som i størst grad har teke Monty Pythons humor til scena og til plateutgivingar i Noreg. KLM, med Trond Kirkvaag, Knut Lystad og Lars Mjøen, spreidde Monty Python-humoren til norske stover gjennom fjernsynsseriane sine. Også yngre norske komikarar, mellom anna Harald Eia, har uttalt at Monty Python er det største komiske førebiletet deira.

Monty Python kunne også provosere. Spelefilmen Life of Brian (1979), som gjorde narr av den kristne Messias-forteljinga, blei forboden i Noreg i januar 1980, og filmen blei marknadsført i Sverige som så morosam at han er forboden i Noreg. Seinare same hausten fekk filmen igjen premiere i Noreg, med 18-årsgrense, skriftleg forklaring om at andre enn Jesus blei krossfesta i Romarriket, og utan norsk teksting til dei delane av filmen som hadde satiriske spark til Bergpreika. I 2004 blei filmen relansert i Noreg med 11-årsgrense, utan åtvaringar og med teksting av heile filmen.

Etter at fjernsynsserien var over, fekk alle medlemene av gruppa betydelege solokarrierar som humoristar på fjernsyn, film og scene. Fleire av medlemene har òg gjort prosjekt saman. Blant dei mest kjende prosjekta er Hotell i særklasse og A Fish named Wanda. I november 2014 samla dei fem attlevande medlemene, Cleese, Gilliam, Jones, Idle og Palin, seg og laga sceneshowet «One Down – Five to Go».

Kjelder

Øyvind Brigg: En personlig beretning om Jahn Teigen. Kirkenær 1978

Thomas Hylland Eriksen: Veien til et mer eksotisk Norge. En bok om nordmenn og andre underlige folkeslag. Oslo 1991

Kjartan Leer-Salvesen: Fra glansbilde til antihelt. Jesus på film. Oslo 2005

«Monty Python's Flying Circus», bbc.co.uk: http://www.bbc.co.uk/comedy/montypython/index.shtml [lesedato 29.5.2017]

Monty Python, eigen nettstad: http://www.montypython.com/ [lesedato 29.5.2017]

Først publisert: 28.06.2017
Sist oppdatert: 28.06.2017