Freie Bühne var ein privat teaterforeining i Berlin. Han ble grunnlagt i 1889 og leida av kritikaren Otto Brahm etter mønster frå Théâtre Libre i Paris. Førermålet var å oppføre den nye naturalistiske dramatikken utan innblanding frå den offentlege teatersensuren.

Faktaboks

Uttale
frˈaiə bˈy:nə
Etymologi
tysk ‘den frie scene’

Det blei oppført stykke av mellom anna Gerhart Hauptmann, Bjørnstjerne Bjørnson, August Strindberg, Lev Tolstoj, Émile Zola og Henrik Ibsen (Gengangere var åpningsforestillinga 29. september 1889).

Teateret hadde inga fast scene, og spelte berre ved matinear, inntil Brahm i 1894 innlemma Freie Bühne i Deutsches Theater, som han då vart sjef for. Freie Bühne heldt fram under leiinga til andre til drifta stansa i 1901.

Den norske forfattaren Arne Garborg kom inn i dette miljøet, som samla forfattarar frå mange kantar på 1890-talet. Freie Buhnemiljøet gav han også ein stor pris, som han hadde god bruk for i ei tid da han verken visste kvar han skulle bu, eller kvar han skulle gje ut bøkene sine. Kontaktane var viktige også for Hulda Garborg, som fekk ei viktig rolle for teaterlivet i Noreg litt seinare.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg