Hopp til innhold
Bilete av flytande kvikksølv. Kjelde: GrrlScientist, flickr.com. CC BY 2.0.
Bilete av flytande kvikksølv. Kjelde: GrrlScientist, flickr.com. CC BY 2.0.
X
Innhald

Kvikksølv

Kvikksølv er eit grunnstoff og blir rekna som ei skadeleg miljøgift. Romarane og dei gamle grekarane nytta kvikksølv i kosmetiske produkt.

Kvikksølv er eit grunnstoff med kjemisk symbol Hg og atomnummer 80. I periodesystemet er det plassert i periode 6 og gruppe 12. Det engelske namnet for kvikksølv er Mercury, oppkalla etter planeten Merkur. Det norske namnet kvikksølv kjem frå norrønt kviksilfr. Det norrøne namnet har same tyding som hydrargyrum, som tyder 'flytande sølv'. Det kjemiske symbolet til kvikksølv (Hg) kjem frå det greske ordet hydrargyrum.

Kvikksølv er eit sølvkvitt metall som fordampar lett og leier elektrisitet dårleg. Det er det einaste metallet som er flytande ved vanleg romtemperatur. Kvikksølv løyser andre metall og dannar legeringar som vi kallar amalgam. I 2008 blei det innført forbod i Noreg mot å bruke kvikksølv i produkt. Kvikksølv blir rekna som ei av dei mest skadelege miljøgiftene.

Dei gamle grekarane nytta kvikksølv i hudkrem, og i Romarriket blei det nytta i rouge og leppestift. Heilt sidan oldtida er kvikksølv blitt nytta som legemiddel i Orienten. I Europa var det først på 15–1600-talet at kvikksølv fekk medisinske bruksområde. Kvikksølv blei brukt til avføringsmiddel, mot spedalsksjuke, til plomber i tenner og til å kurere kjønnssjukdomen syfilis. I dag bruker ein kvikksølv til nokre typar lysstoffrøyr og termometer.

Kvikksølv er eit av dei få stoffa som reagerer med gull. Før i tida brukte ein kvikksølv til å utvinne gull, mellom anna under gullrushet i California frå midten av 1800-talet. I denne prosessen blei det danna amalgam, og gullet blei utvunne ved at kvikksølvet blei kokt bort. Sidan kvikksølvdamp er giftig og skadeleg for miljøet, har større gruveselskap slutta med denne metoden. Metoden blir framleis nytta ved illegal gullutvinning.

Nærbilete av sinober. Foto: Jan Helebrant, flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Nærbilete av kvikksølvmineralet sinober (cinnabaritt). Foto: Jan Helebrant, flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Det mest vanlege kvikksølvet er det raudbrune kvikksølvmineralet sinober (cinnabaritt), som inneheld svovel. Ein finn sjeldan store mengder kvikksølv, men ein kan finne små dropar saman med sulfid, som er ei svovelsambinding. Dei største førekomstane av kvikksølv finst i Spania, Russland, Italia og Slovenia. Gruva i Almaden i Spania er den eldste kvikksølvgruva, og ho har vore i drift frå om lag 250 f.Kr.

For kroppen er kvikksølv og sambindingar med kvikksølv svært giftig. Ein kan bli forgifta av all kontakt og innanding av kvikksølv. Den giftigaste sambindinga er metylkvikksølv, som gir skadar på sentralnervesystemet. Maritimt liv kan ta opp metylkvikksølv i næringskjedene, som igjen kan ende opp i menneske som et fisk eller andre sjødyr.

Kjelder

Ida Yasin Andersen: «No startar nok ei kartlegging av kvikksølv-ubåten», nrk.no, sist oppdatert 23.1.2019: https://www.nrk.no/hordaland/no-startar-ny-kartlegging-av-fedje-ubaten-1.14396343 [lesedato 30.11.2019]

Folkehelseinstituttet: «Kvikksølv (Hg) i uteluft», fhi.no, publisert 13.2.2018: https://www.fhi.no/nettpub/luftkvalitet/metaller/kvikksolv-hg/ [lesedato 3.12.2019]

Helsebiblioteket: «Metallisk kvikksølv – behandlingsanbefaling ved forgiftning», helsebiblioteket.no, publisert 5.11.2013: https://www.helsebiblioteket.no/forgiftninger/gasser-og-kjemikalier/metallisk-kvikksolv-behandlingsanbefaling-ved-forgiftning [lesedato 4.12.2019]

Illustrert Vitenskap: «Kvikksølv: Vakkert, men giftig», illvit.no, publisert 10.12.2014: https://illvit.no/fysikk/det-periodiske-systemet/det-periodiske-system-kvikksolv [lesedato 1.12.2019]

Universitetet i Oslo: «Kvikksølv», periodesystemet.no: https://www.periodesystemet.no/grunnstoffer/kvikksoelv/index.html [lesedato 1.12.2019]

Lars Holger Ursin: «– Kvikksølvet farlig først over tid», forskning.no, publisert 16.4.2007: https://forskning.no/kjemi-partner-forurensning/kvikksolvet-farlig-forst-over-tid/995369 [lesedato 5.12.2019]

 

Peikarar

Norges miljøvernforbund: «Manglende kunnskap om spredning av kvikksølv i sjøvann», mnf.no, publisert 21.1.2019

Norges Geotekniske Institutt: «Unikt arbeid på 150 meters dyp», ngi.no

Ragn-Sells AS: «Slik oppfører kvikksølv seg i væskeform»,youtube.com, publisert 15.1.2016

Synnøve Ressem (NTNU): «Kvikksølv kommer med sollyset», forsking.no, publisert 31.1.2011

Først publisert: 02.03.2020
Sist oppdatert: 11.03.2020