Hopp til innhold
X
Innhald

Kygo

Kygo, norsk artist, DJ og komponist som har gjort internasjonal suksess med elektronisk dansemusikk, EDM. Han er den artisten som på kortast tid har nådd ein milliard avspelingar på Spotify.

Kygo, eigentleg Kyrre Gørvell-Dahll, er fødd 11. september 1991 i Fana i Bergen. Han bur i Bergen. Kygo gjekk på Fana videregående skole i 2007–10, før han reiste til USA for å studere økonomi. Der hoppa han av studia for å satse på musikken.

Han byrja å spele piano då han var seks år gamal, og frå 15-årsalderen tok han til å komponere musikk og lage remiksar av kjende låtar. Desse låtane la han ut på nettstaden YouTube og på delesida SoundCloud, og det var her musikkarrieren tok til. Musikkbloggarar byrja å skrive om han, og sosiale medium vart viktige for å spreie musikken hans.

I 2014 skreiv han kontrakt med Sony Music, og han vart profesjonell musikar. Kygo sin musikk fekk på kort tid svært høge lyttartal. I løpet av eit år vart han lasta opp over 300 millionar gonger på SoundCloud, og i 2015 vart han den artisten som på kortast tid nådde ein milliard spelingar på Spotify. Kygo har vore med på fleire av dei store elektronika-festivalane i Amerika og Europa.

Musikken som Kygo komponerer og spelar, er meir melodisk og har eit rolegare tempo enn tradisjonell elektronisk dansemusikk, EDM. I tillegg til eigne komposisjonar som «Firestone» (2014) og «Stole the Show» (2015), remiksar han musikken til store, internasjonale artistar som a‑ha, Coldplay og Seinabo Sey. Låtane «Take on me» (2015), «Midnight» (2014) og «Younger» (2014) har alle nådd høge lyttartal.

I tillegg til mange spelingar på strøymetenestene er musikken til Kygo kritikarrost i norsk og internasjonal presse for å vere sjangeroverskridande og nyskapande innanfor den elektroniske dansemusikken. I 2016 vart han kåra til «Årets spelemann», og med låten «Stole the Show» fekk han spelemannsprisen for «Årets låt».

Kygo på scena. Foto: Rodrigo Díaz, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Kygo på scena. Foto: Rodrigo Díaz, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Kjelder

Eirin Egge Ryan: «Fanabuen Kyrre (22) gikk fra pianotimer til DJ‑suksess», fanaposten.no, publisert 20.2.2014 (sist oppdatert 30.1.2016): http://www.fanaposten.no/kultur/Fanabuen-Kyrre-22-gikk-Afra-pianotimer-til-DJ-suksess-142208.html#.U25ma_l_t3w [lesedato 22.2.2016]

Dokumentar på NRK: «Nøkkelen til suksess», nrk.no: https://tv.nrk.no/serie/noekkelen-til-suksess/MKMF40000415/sesong-1/episode-4 [llesedato 22.2.2016]

Peikarar

Nettstaden til Kygo

Kygo på SoundCloud

Først publisert: 12.05.2016
Sist oppdatert: 02.09.2016