Hopp til innhold
X
Innhald

Kymrisk (walisisk, velsk)

Kymrisk – også kalla walisisk eller velsk – har vore offisielt språk i Wales ved sida av engelsk sidan 2011. 19 prosent av walisarane seier at dei kan snakke språket.

Ordhistorie

Kymrarane (walisarane) kallar landet sitt Cymru. Ordet kjem av brittonsk Combrogi 'medborgarar'. Engelsk Wales kjem av gamalengelsk Wēalas, som eigentleg tyder 'utlendingar' eller 'framande'. På norrønt var valir namnet på innbyggjarane i Nord-Frankrike.

Det kymriske namnet på språket er Cymraeg, medan det gamalengelske namnet er Wǣlisc eller Wēlisc, som er opphavet det moderne engelske Welsh. Welsh er etymologisk i slekt med norrønt valskr 'fransk', 'vallonsk', moderne norsk velsk 'kymrisk' og val- i valnøtt, eigentleg 'valsk nøtt'.

I denne artikkelen har vi valt i bruke språknamnet kymrisk i staden for walisisk eller velsk.

Språkfamilie

Kymrisk høyrer til den keltiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Den keltiske språkgruppa har to levande greiner, og i tillegg ei lepontisk og ei hispano-keltisk grein som døydde ut i antikken:

  • keltisk
    • gallobrittonsk
      • kymrisk
      • kornisk
      • bretonsk
    • goidelisk
      • irsk
      • skotsk-gælisk
      • mansk

Gallobrittonsk og goidelisk blir òg kalla p-keltisk og q-keltisk, fordi urkeltisk *kʷ blei til p i den første og til k i den andre gruppa. Urkeltisk *kʷenkʷe 'fem' blei til irsk cúig [kuːɟ] 'fem' og kymrisk pump [pɨmp] 'fem'. 

Språkhistorie

Keltarane kom truleg til dei britiske øyane kring 600 f.Kr., og fram til 400-talet e.Kr. var Storbritannia reint keltiskspråkleg. Nordanfor eidet mellom Forth-fjorden og Clyde-fjorden i Skottland snakka folk piktisk og sønnanfor snakka dei brittonsk (også kalla britisk). 

Då romarane forlét Storbritannia i år 410, byrja angelsaksarar å busetje seg i Søraust-England. Kring 600 hadde dei kome heilt over til vestkysten. Det brittonske språkområdet blei delt i tre, og vi fekk etter kvart tre språk: kumbrisk (døydde truleg ut på 1100-talet) i Skottland og Nord-England, kymrisk i Wales og kornisk i Devon og Cornwall.

Frå 700 e.Kr. reknar ein det britiske språket i Wales som eit eige språk – kymrisk. Dette er hovudperiodane i kymrisk språkhistorie:

            700–850          tidleg kymrisk

            850–1100        gamalkymrisk

            1100–1400      mellomkymrisk

            1400–1588      tidleg nykymrisk

            1588–              sein nykymrisk

Tidleg kymrisk og gamalkymrisk er berre kjende frå nokre få innskrifter og merknader i margen i bøker på latin. Mellomkymrisk blei eit velutvikla litteraturspråk, og frå denne perioden har vi mellom anna Mabinogi, ei samling forteljingar nedteikna på 1300-talet. Overgangen frå tidleg til sein nykymrisk blir rekna til 1588, då det blei gitt ut ei full bibelomsetjing til kymrisk. Bibelomsetjinga var inspirert av språket i tradisjonell kymrisk poesi, som blei halde ved lag av bardane – dei profesjonelle poetane og historieforteljarane. Omsetjinga la grunnlaget for det moderne kymriske litteraturspråket, som såleis fekk ei meir «høgtidsam» form enn dersom ho hadde bygd direkte på vanleg talemål på 1500-talet.

I 1284 blei Wales lagt under den engelske trona. I 1536 vedtok det engelske parlamentet at engelsk skulle vere språket ved kymriske domstolar, og at ingen som nytta kymrisk, kunne ha offentlege verv. Overklassa blei i stadig større grad integrert i den engelske, og i alle fall fram til slutten av 1800-talet hadde det høg status i slike krinsar å ikkje forstå kymrisk.

Sjølv om kymrisk blei nytta i kyrkjene, var engelsk administrasjonsspråket. Midt i 1940-åra kom kymrisk inn i barneskulen, og frå 1950–60-åra gradvis også i den vidaregåande skulen, og seinare i høgare utdanning.

I dag kan ein få undervisning i og på kymrisk i barnehagar, skular, universitet og vaksenundervisning. Kymrisk er eit obligatorisk fag i statlege skular (i motsetnad til dei private public schools) fram til sekstenårsalderen.

Språket blei teke i bruk i radioen i 1940-åra og i fjernsynet frå 1950-åra. Ikkje før i 2011 fekk kymrisk status som offisielt språk i Wales.

Språksystem

Kymrisk er eit VSO-språk. Verbet (V) kjem først i setninga, og så følgjer subjektet (S) og objektet (O), som i denne setninga, der BA står for bunden artikkel:

Mae'r ferch fach yn darllen y llyfr bach 'den vesle jenta les den vesle boka'

 

mae     'r          ferch      fach     yn      darllen      y     llyfr     bach

er        BA       jente      lita       i         lesing       BA  bok      liten

 

'r ferch fach 'den vesle jenta' er subjekt og y llyfr bach 'den vesle boka' objekt. Med nokre få unntak følgjer adjektivet substantivet i ein substantivfrase.

Eit typisk trekk ved kymrisk og andre keltiske språk er konsonantvekslinga fremst i ord. Adjektivet bach 'liten' følgjer eit substantiv i hankjønn, og blir til fach 'lita' etter eit substantiv i hokjønn. Substantivet merch 'jente' heiter ferch etter bunden artikkel.

Uttale

Kymrisk har vokalfonema i tabell 1, her attgitt ortografisk (i kursiv) og i IPA-transkripsjon. Når det er oppgitt to uttalemåtar, er den første nordkymrisk og den andre sørkymrisk. 

Tabell 1. Dei kymriske vokalfonema

i/y [ɪ]

u [ɨ̞]/[ɪ]

w [ʊ]

i/î/y/ŷ [iː]

u/û [ɨː]/[iː]

w/ŵ [uː]

e [ɛ]

y [ǝ]

o [ɔ]

e/ê [eː]

 

o/ô [oː]

 

a [a]

 

 

a/â [aː]

 

Lange vokalar har ein sirkumfleks ( ̂ ) over seg når lengda ikkje følgjer av allmenne reglar.

Tabell 2 viser konsonantfonema. Dei som står i parentes, finst berre i lånord: tsips [ʧɪps] 'chips', jeli [ʤɛlɪ] 'gelé' og sw [zuː] (sør) eller [suː] (nord) 'dyrehage'. Eit særdrag ved kymrisk er ustemte nasalar (mh, nh, ngh) og ein ustemt lateral frikativ (ll).

Tabell 2. Dei kymriske konsonantfonema

p [p]

 

t [t]

(ts [ʧ])

c [k]

 

b [b]

 

d [d]

(j [ʤ])

g [ɡ]

 

m [m]

 

n [n]

 

ng [ŋ]

 

mh [m̥]

 

nh [n̥]

 

ngh [ŋ̊]

 

ff/ph [f]

th [θ]

s [s]

si [ʃ]

ch [x]

h [h]

f [v]

dd [ð]

(s [z])

 

 

 

w [w]

 

l [l]

 

y [j]

 

 

 

ll [ɬ]

 

 

 

 

 

r [r]

 

 

 

 

 

rh [r̥]

 

 

 

Trykket ligg vanlegvis på nest siste staving i ordet, som i afal 'eple' og ysgol 'skule'. Ein del lånord, som sigâr 'sigar', har trykket på siste staving, og det same gjeld ein del heimlege ord, til dømes Cymraeg 'kymrisk'.

 

Litteratur

Julie Brake og Christine Jones: Complete Welsh Beginner to Intermediate Book and Audio Course. Abingdon 2010

Janet Davies: The Welsh Language. A History. Cardiff 2014

John Haywood: The Historical Atlas of the Celtic World. London 2009

Christine Jones: Welsh Grammar You Really Need to Know. Abingdon 2010

David A. Thorne: Collins Welsh Dictionary, 5. utg. Glasgow 2017

 

Llywodraeth Cymru / Welsh Government: Welsh in education. Action plan 2017–21. Cardiff 2017. Digital versjon, gov.wales: https://gov.wales/sites/default/files/publications/2018-02/welsh-in-education-action-plan-2017%E2%80%9321.pdf
 

Tilrådd litteratur om verdas språk

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages, 2. utg. London 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language, 2. utg. Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World, 3. utg. London 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue. Languages of the World, 16. utg. Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word. A Language History of the World. New York 2006

Først publisert: 21.12.2020
Sist oppdatert: 21.12.2020